Sporvehauk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Sporvehauk

Hannfugl
Hannfugl

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Falconiformes
Familie: Accipitridæ
Slekt: Accipiter
Art: A. nisus
Vitskapleg namn
Accipiter nisus

Sporvehauk (Accipiter nisus) er ein rovfugl i haukefamilien.

Innhaldsliste

[endre] Utsjånad

Sporvehauken er 28-38 cm og 110-340 g. Han har lang hale med 4-5 mørke tverrband og breie, avrunda venger. Hoa er størst. Ho er brungrå på oversida og tverrstripa brun på undersida. Hannen er grå på oversida og tverrstripa oransjeraud under.

Fuglen flyg med nokre få raske vengeslag som vert avløyst av glideflukt.

[endre] Levesett

Sporvehauk

Sporvehauken er ein rovfugl som mest jaktar på fuglar, men han tek òg smågnagarar.

Hoa legg 4-5 egg i mai og rugar dei i 40 dagar. Ungane vert flygedyktige etter 25-30 dagar.

Sporvehauken er ein trekkfugl som kjem i mars-april og reiser til område lenger sør i Europa i september-oktober. Mange overvintrar i kyststrøk og ved byar og tettstadar.

[endre] Utbreiing

Sporvehauken finst i det meste av Europa og søraustover til det nordlege Iran. Andre underartar finst i Nord-Afrika og Asia.

I Noreg finst fuglen i heile landet, men han er sjeldan nor for Saltdalen.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sporvehauk