Havbotnskorpe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alderen til havbotnskorpa. Dei raude langs midthavsryggane er dei nyaste, medan dei blå langs søkkegrensene til kontinentalplatene er dei eldste.

Havbotnskorpe er ein del av litosfæren til jorda som flyt i havbassenga, i motsetnad til kontinentalskorpene som består vesentleg av landfaste, tjukkare delar av litosfæren. Havbotnskorpa er tynnare enn kontinentalskorpa, generelt mindre enn 10 km og maksimalt 30 km tjukk, og har ein gjennomsnittlig tettleik på omtrent 3,3 gram per kubikkcentimeter. Det er viktig å merke seg at tektoniske plater kan bestå av både havbotnskorpe og kontinentalskorpe, og at grenser mellom plater òg kan gå midt over ein av typane jordskorpe.

Havbotnskorpe består primært av mafiske bergartar som er tunge og rike på jern og magnesium (sima), slik som til dømes bergartane basalt, diabas og gabbro.[1] Til samanlikning består kontinentalskorpe (sial) i større omfang òg av silikat og aluminium, med lettare ofte felsiske bergartar som granitt, gneis, sandstein, kalkstein og slamstein.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ivar B Ramberg (red), Landet blir til – Norges geologi, Norsk Geologisk Forening 2006, utg 2007, side 27.