Hawkes Heights

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hawkes Heights
fjell
Land  Antarktis
Topp Coulman Island i Victoria Land
 - høgd 2 000 moh. [1]
 - Primærfaktor 2 000 m
 - koordinatar 72°32′S 169°42′E / 72.533°S 169.700°E / -72.533; 169.700
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Hawkes Heights
72°32′00″S 169°42′00″E / 72.5333°S 169.7°E / -72.5333; 169.7
Hawkes Heights is located in Antarktis
Hawkes Heights (Antarktis)

Hawkes Heights er eit isfyllt krater med ei høgd opp mot 2 000 moh som dominerer den sørlege delen av Coulman Island i Rosshavet i Antarktis, og er det høgaste punktet på øya. Fjellet vart namngjeve av den geologiske gruppa frå New Zealand (NZGSAE), 1958–59, etter kaptein William M. Hawkes i U.S. Navy som leia dei tidlega flyoperasjonane frå Williams Field nær McMurdo-basen, mellom anna fleire langvarige flyfototurar og forsyningsturar, og den første landinga ved Sørpolen. Han kommanderte eit av to fly som gjorde den historiske første flyturen frå Christchurch til McMurdo-basen den 17. desember 1955.[2] Mount Hawkes er òg kalla opp etter Hawkes, som var i Air Development Squadron Six (VX-6) i 1955–56.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Antarktis Ultra-Prominences" Peaklist.org. Henta 2012-09-07.
  2. «Hawkes Heights». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 23. oktober 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]