Bunad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tradisjonelle folkedrakter frå Aust-Telemark, truleg frå 1880-åra. Drakter som dette er grunnlaget for moderne bunadar.
Foto: Axel Lindahl

Bunad (frå kledebunad, der norrønt «búnaðr» har same rot som (føre)bu) er ei samnemning brukt om klesdrakter i tradisjonell nordisk stil — ofte utvikla frå folkedrakter, men likevel i ein eigen tradisjon. Ein bunad er typisk ei forseggjort og kostbar drakt, med broderi og handsmidde smykke i gull eller sølv. Bunad og bunadbruk er eit debattemne med mange ulike oppfatningar, til dømes om kva som er ein bunad, og om ein kan endra på utforminga av draktene eller ikkje.

Den norske bunadrørsla går tilbake til folkedansrørsla og føregangsfolk som Hulda Garborg og Klara Semb. I dag blir bunad brukt som nasjonaldrakt. Festbunad er likestilt med galla-antrekk, og ofte nytta ved særskilde høve, som konfirmasjonar eller den norske nasjonaldagen 17. mai. Ein mindre forseggjort bunad som kan nyttast til kvardags, vert kalla kvardagsbunad.

Det finst fleire hundre bunadstypar i Noreg, ofte med kvar sine variasjonar. Norsk bunadleksikon frå 2006, som femnar ganske vidt i sin definisjon av bunad, har samla over 400 typar. Bunad blir òg brukt i mange norskamerikanske miljø. I tillegg finst liknande tradisjonar med folkedrakter som minner mykje om bunadar på Færøyane og Island og i Sverige, Finland og Danmark.

Kva er ein bunad?[endre | endre wikiteksten]

Vanleg bruk av ordet bunad er ei drakt som liknar på det vanlege folk — som regel bønder — gjekk kledd i i Noreg på 1700- og 1800-talet, det som kan kallast folkedrakter. Moderne bunader byggjer som regel på festklede frå denne tida frå ulike kantar av landet, men er i mange tilfelle tilpassa nye krav. Mange bunader er rekonstruerte ved hjelp av gamle plagg som er att, medan andre er komponert noko friare, med blikk på dei gamle draktene. Vidare har bunader som blei utvikla på nittenhundretalet teke inspirasjon frå kvarandre, slik at det mange tenkjer på som ein «typisk bunad» har forma brodert lang stakk og liv for kvinner og knebukser og vest for menn. Dette var ikkje drakt-tradisjonen i heile Noreg i heile dette tidsrommet, og det finst òg ulike bunader med til dømes langbukser eller utan broderi.

Det norske Bunad- og folkedraktrådet deler inn kleda etter kor mykje dei følgjer tradisjon og om han er ubroten eller har vore gløymd ei tid. Rådet meiner ein ikkje bør kalla fritt komponerte drakter i bunadsstil bunad, men heller til dømes festdrakt eller bygdedrakt. Rådet godtek likevel nemninga brukt om slike drakter frå den tidlege bunadsrørsla.

I folkedrakt-forsking skil ein mellom bunad og folkedrakt, der «folkedrakt» viser til all lokal klesdrakt frå tidlegare tider, medan bunad viser til tradisjonelle festdrakter. Samedraktar blir ofte kalla folkedrakt fordi dei ofte følgjer ein ubroten, lokal tradisjon, men kleda har samstundes mange likskapar og mykje av den same statusen som reint norske bunader.

Norske bunadstradisjonar[endre | endre wikiteksten]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Bunad er no blitt allemannseige. Her ser ein bunadkledde vaksne og barn i Oslo den 17. mai 2005.
Foto: Morten Johnsen

Moderne norsk bunadbruk blei utvikla under nasjonalromantikken, då borgarskapet fatta interesse for klede og skikkar blant bondestanden, som blei oppfatta som «rein» og upåverka av utanlandsk styre mote. Skapinga av ein norsk nasjonaldrakt blei ein viktig del av kampen for norsk sjølvstende. Nasjonalsinna nordmenn frå byen tok til å kle seg i bondeklede for å spela teater og ved festlege høve. Bruken av bunad blei særleg halden fram ved dei frilynte folkehøgskulane og innan miljø for folkemusikk og -dans. Ein tok òg i bruk bunad som ein slags norsk uniform i turistnæringa. Men bruken vekte oppsikt og kunne føra til forarging og mobbing i samanhengar utanfor trygge bunadsmiljø.

Bunad blei eit politisk verkemiddel der ein rundt hundreårsskiftet 1900 markerte at ein ønskte Noreg ut av unionen med Sverige ved å bruka han. Bunadsbrukarar orienterte seg, i tillegg til mot norsk nasjonalisme, ofte mot Venstre, fråhaldsrørsla og målsaka. Men i løpet av nittenhundretalet blei bunad stadig meir utbreidd blant folk, uavhengig av politikk — med hundreårsmarkeringa av den norske grunnloven, i 1914, som eit markert vendepunkt. Frå 1920-talet blei det vanleg på mange skular at jenter laga eigne bunader.

Den nasjonalsosialistiske rørsla i Noreg la stor vekt bunaden, men under naziststyret under den andre verdskrigen blei bunaden òg brukt som motstandssymbol. 17. mai 1945, like etter at okkupasjonen var over, var det mange som feira sigeren med å ha på seg eit slikt symbol på det frigjorde Noreg, og i tiåra som følgde blei bunaden stadig meir populær. Drakta var no mindre eit politisk symbol, sjølv om han blei noko brukt av nei-folk under kampen om medlemskap i EEC/EF/EU i 1972 og 1994.

Mot slutten av nittenhundretalet blei bunaden òg brukt i problemdrøftinga av det fleirkulturelle Noreg, der mørkhuda menneske kledde i bunad blei eit iaugefallande symbol på det nye Noreg. Eit døme er Oslo-politikaren Rubina Rana, av pakistansk opphav, som som leiar av 17. mai-komiteen i 1999 fekk drapstruslar, men stilte opp i toget i nylaga bunad, jubileumsdrakta for Oslo.

Utforming[endre | endre wikiteksten]

Hulda Garborg (1862-1934) i bunad. Denne drakta er sett saman av stakk frå Hallingdal, raudtrøye frå Aust-Telemark og skaut som truleg òg er frå Telemark.

Hardangerbunaden var den viktigaste bunaden som blei brukt, både fordi Hardanger blei rekna som eit særs urørt og «norsk» område og fordi drakta ikkje skilde seg alt for mykje frå dåtidas moteklede. Etter kvart som bruken spreidde seg, blei drakta mindre lik kleda ein brukte i Hardanger. Andre lokale drakter, anten folkedrakter som framleis var i bruk eller drakter baserte på gamle flagg og bilete, blei òg tekne i bruk som bunad, men lik hardangerbunaden blei også mange av desse brukte som inspirasjon for klede som likna lite på ekte tradisjonsdrakter.

Hulda Garborg var ein pådrivar for bunadsbruk, og har fått mykje å seia for utviklinga av den norske nasjonaldrakta. Garborg gav mellom anna gav ho ut boka Norsk Klædebunad i 1903, med utvida utgåve i 1917, og gav råd om kleda i bladet For bygd og by i ei årrekkje. Ho meinte tradisjonelle klede burde brukast i det daglege, men at ein då ofte måtte tilpassa dei til nye føremål. Ein burde kunna sy bunaden sjølv, med norske materiale. Garborg sette òg eit skilje mellom broderte og ikkje-broderte bunader, der dei førstnemnde som regel burde brukast til fest og dei sistnemnde til kvardags.

Etter kvart tok Klara Semb over som tonegjevande bunadsekspert i Noreg. Ho utvikla eit eiga bunadssyn som skilde seg noko frå det til Garborg. Semb ville ha vekk dei «utskjemde moderniserte» bunadene ho såg i samtida si, og i staden få dei «stilreine, ekte».[1] Det viktigaste var at snittet svarte til gamle klestradisjonar. Semb såg gjerne at ein nytta ulike fargar og ikkje nødvendigvis norsk materiale — noko som samsvara med tidlegare folkedrakttradisjonar.

Den første statlege nemnda for bunader blei oppretta i 1947. Ho skulle gje råd og til ein viss grad styra kva som kunne kallast bunad. Nemnda gav først statusen «godkjend» eller ikkje til drakter ho vurderte, men gjekk vekk frå dette til fordel for det noko mildare «tilrå» i 1967. Frå 1977 har nemnda berre avgjort om ein bunad svarar til gamle folkedrakttradisjonar eller ikkje. Landsnemnda for bunadsspørsmål blei døypt om i 1985 til Bunad- og folkedraktrådet.

Det er knytt mange diskusjonar til utforminga av bunader, og kor fastlåste dei skal vera i høve til gamle og nyare tradisjonar. I samband med syn på kva som høver og ikkje høver til bunad, snakkar ein på folkemunne om eit «bunadspoliti» som «arresterer» feil bunadsutvikling — sjølv om det som oftast i praksis er opp til kvar enkelt korleis dei vil bera bunaden sin. Døme på debattema er om mindre autentiske bunader skal takast ut av produksjon, om ein kan ha kort hår i bunad, eller om ein kan bruka anakronistiske delar som øyredobbar eller paraply saman med bunad.

Bunadtypar[endre | endre wikiteksten]

Kvinnebunad frå Oppdal og mannsbunad frå nordlege delar av Gudbrandsdalen.
Foto: Leif Knutsen

Etter kvart som bruken av bunad spreidde seg, blei det vanlegare å laga lokale variantar med tilknyting til visse område, som fylke eller regionar. Desse tok gjerne opp i seg element frå fleire stader i området, og blei slik ein fellesnemnar som ikkje alltid svara til klede folk faktisk hadde hatt på seg tidlegare. Ein annan måte å laga ein slik bunad på var å laga eit broderimotiv fritt eller inspirert av gamle drakter, og så byggja opp ei drakt rundt dette. Ofte skjedde det òg at bunader blei laga etter tidas mote, slik at gammalmodige trekk i fasongen blei tona ned medan det som svarte til tidas mote blei forsterka. Mot slutten av nittenhundretalet er det blitt vanlegare å byggja opp rekonstruerte drakter ved hjelp av klesmateriale og avbildingar som er att frå tidlegare tider. Dette har ført til mange drakter som er meir autentiske, men liknar mindre på det ein gjerne har oppfatta som typiske bunader, til dømes ved at ein har brukt langbukser i staden for knebukser, trøyer i staden for kvite skjorter, og tøy med fargar eller mønster i staden for stoff med broderi. I dag finst både bunader som tek utgangspunkt i drakta frå ei enkelt bygd, og drakter som er meint for folk frå heile landet.

I tillegg til den velkjende festbunaden finst det òg mindre pynta bunadstypar som passar for mindre høgtideleg bruk, til dømes helgedrakter og kvardagsbunad. Den sistnemnde blir òg kalla sommarbunad, og blir ofte laga i bomull — eit stoff som ikkje var vanleg i Noreg på 1700-talet, men var lett og rimeleg å få tak i på 1900-talet, då dei blei utforma.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bunad

Historiske folkedrakter[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørn Sverre Hol Haugen: Norsk bunadleksikon (2006), første bandet

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk bunadeleksikon, band 1, side 41