Heidi Zeller-Bähler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Heidi Zeller-Bähler (fødd 25. juli 1967) er ein sveitsisk, tidlegare skirennar frå Sigriswil i kantonen Bern. Ho vart nummer tre i verdscupen i alpint 1995, ein sesong då ho vann tre enkeltrenn. Same sesongen vart ho nummer to i både storslalåmcupen og super-G-cupen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Zeller fekk to femteplassar i utfor i sin debutsesong i verdscupen, 1986. Hennar første pallplassering var ein tredjeplass i utfor i Aspen i 1988. Under VM i alpint 1989 i Vail fekk ho delta i utfor og vart nummer 9. Året etter opna ho sesongen 1989/90 med ein andreplass i utforrennet i Las Leñas i Argentina, like bak Michaela Gerg, men hevda seg lite etterpå.

Også i dei neste par sesongane sleit Zeller med å prestere på eit jamnt høgt nivå. Under vinter-OL 1992 i Albertville kom ho inn på 11., 13. og 14. plass i dei tre øvingane ho stilte opp i. Ho begynte etterkvart å gjere seg litt gjeldande i andre greiner enn utfor. Særleg gjorde ho framsteg i storslalåm, som i 1993-sesongen var hennar beste øving. Etter å ha vorte nummer fire i VM i alpint i Morioka, kom ho 20. mars 1993 i mål elleve hundredels sekund bakom tyske Katja Seizinger i eit nytt storslalåmrenn i Vemdalen i Sverige.

Ganske nygifte Zeller-Bähler kom på niandeplass i storslalåm under vinter-OL 1994Lillehammer. I utfor og super-G hamna ho langt nede på lista, slik ho hadde gjort under VM året før. Sesongen under eitt gjorde ho fleire gode renn, slik at ho stod som nummer åtte i verdscupen ved sesongslutt.

1995-sesongen vart Zeller-Bählers beste. Ho vann tre verdscuprenn og kom på tredjeplass samanlagt i verdscupen, berre slått av Vreni Schneider og Katja Seizinger. Ein andreplass i super-G i Val-d'Isère var hennar beste verdscupplassering i 1955/96-sesongen. Under VM i alpint 1996 i Sierra Nevada var sjuandeplassen i utfor hennar beste prestasjon.

Zeller-Bähler la opp i 1996, etter å ha stått på pallen i 17 verdscuprenn.

Verdscupsigrar[endre | endre wikiteksten]

Dato Stad Land Øving
26. november 1994 Park City USA Storslalåm
4. desember 1994 Vail USA Storslalåm
5. mars 1995 Saalbach Austerrike Super-G

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]