Heinrich Hertz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Heinrich Rudolf Hertz

Heinrich Rudolf Hertz (22. februar 18571. januar 1894) var ein tysk fysikar. SI-eininga Hertz for frekvens har fått namn etter han. I 1888 var han den første som beviste eksistensen av elektromagnetisk stråling ved å byggje eit apparat som kunne sende ut radiobølgjer.

Hertz var født i Hamburg i Tyskland, i ein jødisk familie som konverterte til kristendomen. Faren hans var advokat i Hamburg, og mora hans var dotter av ei lege. På skulen viste han interesse for både naturvitskap og språk, og lærde blant anna arabisk og sanskrit. Han studerte seinare naturvitskap i Dresden, München og Berlin. Han var student hos Gustav R. Kirchhoff og Hermann von Helmholtz. Han tok doktorgraden i 1880 og var hos Helmholtz inntil han i 1883 fekk ei undervisningsstilling i teoretisk fysikk ved Universitetet i Kiel. I 1885 vart han professor ved Universitetet i Karlsruhe der han oppdaga elektromagnetiske bølgjer.

Han døydde i Bonn, 36 år gammal, av blodforgifting. Nevøen hans Gustav Ludwig Hertz fekk Nobelprisen i fysikk i 1926, og barnebarnet Carl Hellmuth Hertz oppdaga medisinsk ultrasonografi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]