Heinrich Ignaz Biber

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Heinrich Ignaz Biber
Heinrich Biber.png
Verkeleg namn Heinrich Ignaz Franz Biber
Fødd 12. august 1644, Wartenberg i Böhmen
Død 3. mai 1704 (59 år), Salzburg i Austerrike
Instrument Fiolin
Periode Barokken
Sjanger Kammermusikk, orkestermusikk
Aktive år 1668-1704
Yrke Komponist, fiolinist

Heinrich Ignaz Franz Biber von Bibern (fødd 12. august 1644 i Wartenberg i Böhmen, død 3. mai 1704 i Salzburg) var ein bøhmisk barokk-komponist og fiolinvirtuos.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Biber fekk musikkutdanninga si ved eit jesuittkollegium i Troppau i tsjekkiske Schlesien. Her vart han kjent med trompetisten Pavel Josef Vejvanovský som seinare vart kapellmeister hos erkebiskopen i Kremsier. Truleg fekk Biber ytterlegare undervisning hos Johann Heinrich Schmelzer eller hoffkapellmeister Antonio Bertali i Wien, men dette er ikkje sikkert. Den første komposisjon til Biber er frå 1663, ein Salve Regina for sopran, fiolin, gambe og orgel.

I 1668 vart han tilsett som hoffkapellmusikar og kammertenar hos erkebiskop Karl Liechtenstein-Kastelkorn i Olmütz og Kremsier. Han slutta i desse postane ved å ikkje returnere frå ei reise til Innsbruck. På reisa trefte han den mest kjende fiolinbyggaren gjennom tidene, Jakob Stainer, som seinare skreiv at han hadde vorte kjent med «der vortreffliche Virtuos Herr Biber».

Frå 1670 gjekk Biber i teneste hos erkebiskop Max Gandolph Graf von Kuenburg i Salzburg der han i 1678 vart visekapellmeister og rundt 1684 kapellmeister. Biber vart i denne stillinga resten av livet sitt. I 1715 overtok sonen Carl Heinrich Biber (1681-1749) kapellmeisterposten som faren hadde hatt.

Biber vart rekna som ein genial fiolinvirtuos og for komposisjonane hans gav keisar Leopold I av Det tysk-romerske riket han i 1690 ein adelstittel. Frå då kunne han smykke seg med namnet Biber von Bibern - eit kraftig sprang på den sosiale rangstigen. Månadsinntekta hans var no 60 Gulden, fri kost, losji, vin og brensel.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

I sine tidlege verk brukte Biber ofte skordatur (omstemming). Hensikten var å oppnå spesielle klangeffektar eller for å gjere vanskelege grep spelbare i nedre posisjoner og med opne strengar.

Biber skreiv talrike konsertar for fleire instrument og med ein varierande besetning. Han skreiv messer, eit rekviem, mange fiolinsonatar og taffelmusikk. Det mest monumentale verket hans er den 53-stemmige Missa Salisburgensis som han skreiv i 1682 i høvet 1100-års feiringa av fyrstebispedømet Salzburg. Dessverre er størstedelen av kyrkjemusikken hans så godt som ukjent. Ein av operaane hans er kjent: Chi la dura la vince.

Få samtidige fiolinistar og komponistar nytta så ofte dobbeltgrep, tre- og firestrengsakkordar som Biber. Han beherska fiolinspel i sjuande posisjon, og det var sjeldan på hans tid.

Musikken til Biber har fått ein renessanse, delvis pga Rosenkrans-sonatane. Dette usedvanlege settet med 16 sonatar vert gjerne òg kalla Mysteriesonatene fordi sonatane refererer til nøkkelhendingar i Jomfru Marias og Jesus Kristus sine liv. Biber nyttar seg av ulik skordatur i sonatane, i den 11. sonaten kryssar han dei to midterste strengene for å symbolisere Jesu oppstand.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Vokalmusikk[endre | endre wikiteksten]

  • Missa Christi resurgentis 1674 (22-stemmig)
  • Missa Salisburgensis 1682 (53-stemmig messe i høve feiringa av fyrstebispedømmet Salzburg sitt 1100-årsjubileum)
  • Requiem à 15 i f-moll 1687 (Komponert til gravferda til fyrstbiskop Maximilian Gandolph)
  • Vesperae Longiores ac Breviores Unacum Litaniis Lauretanis 1693
  • Missa Sancti Henrici 1696 (Oppført i høve inntreden til dotter hans i Benediktinarstiftet Nonnberg)
  • Missa Alleluja 1698 (26-stemmig) med 8 solistar, kor, strykarar, 2 zinker, 6 trompeter, 3 posauner, pauker og basso continuo
  • Missa Bruxellensis rundt 1700 (23-stemmig)
  • To operaer: Berre Arminio, Chi la dura la vince frå før 1700 er kjent
  • 13 skuledrama
  • Kantatar

Instrumentalmusikk[endre | endre wikiteksten]

  • Sonata violino solo representativa, der ulike dyrestemmer vert imitert (1669)
  • Dei 16 mysteriesonatane (Rosenkranzsonatane) 1670, med to unntak i skordatur.
    Dei ulike stemmingane kan ein sjå på notebiletet.

Stemmingane på Bibers 16 Rosenkranzsonatar

Klar for den 11. Rosenkranzsonate
  • Sonata La Battalia 1673 (ei slagmarksskildring) Tittel: Das liderliche Schwarmen der Musquetirer, Mars, die Schlacht undt Lamento der Verwundeten, mit Arien initirt und Baccho dedicirt, von H. Biber, Ao. 1673.
  • Sonate Tam Aris Quam Aulis servientes 1676 for 6 til 8 instrument.
  • 8 fiolinsonatar (i ein av desse må fiolinen stemmast midt i stykket) 1681
  • Serenade Der Nachtwächterruf
  • «Mensa sonora seu musica instrumentalis» (taffel-sonatar for 2 fiolinar, bratsj og basso continuo)
  • Trombet- und musikalischer taffeldienst à 4
  • 12 Sonatae Polycarpi à 9“ (For trompetar, strykarar, paukar og basso continuo)
  • Sonatar Fidicinium sacroprofanum (2 fiolinar, bratsj, bassgambe og basso continuo)
  • Mykje bruksmusikk, til dømesDie liederliche Gesellschaft von allerley Humor eller Sonata à 6 der Pauern-Kirchfarth genandt (1673)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Heinrich Ignaz Franz Biber

Notar[endre | endre wikiteksten]