Pauke
| Pauke | |
![]() |
|
| Perkusjon | |
|---|---|
| Andre namn | Timpani |
| Speleregister | |
Pauken er det eldste perkusjonsinstrumentet i symfoniorkesteret, og er ein koparkjele belagt med kalveskinn eller plastikkskinn. Naturskinna (kalveskinna) endrar klang alt etter vêrforhold og fukt, og skal derfor stemmast hyppig i motsetning til plastikkskinnspaukar. Diameteren på pauken er frå 50 til 90 cm og dei blir slått på med filt- eller trekøller.
Ein pauke kan berre vera stemt til ein tone om gongen, og blir derfor ofte oppstilt i sett på 2-5 stk., der kvar er stemt i forskjellige tonar. Paukane blir stemt ved hjelp av pedalar som set pauken i det rette toneleiet, der han vidare blir finstemt ved hjelp av dreiehandtak. Skinnet blir stemt opp ved hjelp av ein stemmenøkkel.
Under konsertar skal paukisten ofte stemma ein eller fleire av sine paukar om til ein annan tone. Når dette skjer er paukisten nøydd til å setja hovudet heilt ned til skinnet for å kunne høyra tonen utan at publikum skal høyra han.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Pauke» frå Wikipedia på dansk, den 23. juli 2009.
Sjå òg [endre]
|
|
|
|---|---|
| Strengeinstrument: | Fiolin • Bratsj • Cello • Kontrabass • Harpe |
| Treblåseinstrument: | Fløyte • Pikkolofløyte • Klarinett • Bassklarinett • Obo • Engelsk horn • Fagott • Kontrafagott |
| Messinginstrument: | Valthorn • Trompet • Trombone • Tuba |
| Perkusjon: | Pauke • Trommer • Triangel • Cymbal |
