Øks
Ei øks er eit reiskap som består av eit øksehovud i metall eller stein og eit skaft, som oftast laga i tre eller plastikk. Øksehovudet har som regel ein skarp egg i den eine enden, mens den andre enden er butt.
Innhaldsliste |
Bruk[endre]
Ein kan bruka økser til å kløyva eller hogga sund ulike materiale, særleg tre. Sidan øksa gjev ein ekstra styrke og har ein skarp egg, vert ho også nytta som våpen og har i tidlegare tider vore viktig i krigar. Andre som nyttar ulike former for øks er brannmenn og klatrarar.
Historie[endre]
Øksa er eit svært gammalt reiskap. Dei eldste øksene som er funne, såkalla handøkser utan skaft, er to millionar år gamle og blei brukt av Homo habilis. I Skandinavia finst økser i mellom anna flint mellom 8000-4000 f.Kr. og økser i kopar og bronse frå tidleg bronsealder (om lag 2000 f.Kr.).
Økstypar[endre]
Bakgrunnsstoff[endre]
|
|
|
|---|---|
| Handreiskap |
Øks · Svans · Borkspade · Spett · Handspik · Tømmersaks |
| Ymse | |