Cremona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cremona
Cremona centro.jpg
Byvåpenet til Cremona
Byvåpenet til Cremona


Plassering
Cremona is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Lombardia
Cremona
Borgarmeister Gian Carlo Corada
Geografi
Flatevidd
 - By

69,7 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

71 533
  992/km²
Koordinatar 45°8′″N 10°2′″EKoordinatar: 45°8′″N 10°2′″E
Høgd over havet 47 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 26100
Telefon-retningsnummer 0372
Nettstad: www.comune.cremona.it

Cremona er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Cremona i regionen Lombardia og har om lag 70 000 innbyggjarar. Han ligg på venstresida av elva Po midt på Posletta.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Cremona vart først nemnd som ein busetnad for kenomanarar, ei keltisk stamme som kom til Posletta rundt år 400 fvt. Namnet Cremona vart truleg gjeve til staden av tidlegare busetjarar. I 218 fvt. oppretta romarane ein militærutpost nord for Po. Cremona og den nærliggande Placentia (i dag Piacenza, sør for Po), vart grunnlagd same året. Cremona voks raskt til ein av dei største byane i Nord-Italia sidan han låg langs vegen mellom Genova og Aquileia, Via Postumia. Han gav troppar til Julius Cæsar og hadde drog fordel av styret hans, men sinare støtta dei Marcus Iunius Brutus og det romerske senatet i konflikten deira med Augustus, som vann striden og i år 40 fvt. konfiskerte landområda til Cremona og gav det til mennene sine. Byen haldt fram med å vekse fram til 69 evt., då han vart øydelagd under det andre slaget ved Bedriacum av troppane til Vespasian. Cremona vart gjenoppbygd med hjelp frå Vespasian sjølv, men klarte ikkje å verte like velståande som tidlegare og forsvann frå historia fram til 500-talet, då han var ein utpost for Austromarriket under gotarkrigen.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

langboardane invaderte det meste av Italia på den andre halvdelen av 500-talet var Cremona framleis ein by i Austromarriket som ein del av Eksarkatet Ravenna. I 603 vart han erobra av den lombardiske kongen Agilulf og igjen øydelagd. Området til byen vart delt mellom dei to hertugdøma Brescia og Bergamo. I 615 fekk dronning Theodelinda, som var katolsk og ønskte å vende om folket sitt, bygd opp att byen og gjeninnsette ein biskop der. Biskopen fekk stadig meir makt og vart etter kvart ein vasall under Det tysk-romerske riket etter Karl den store erobra Italia. På denne måten fekk Cremona meir makt og velstand og nokre av biskopane i byen fekk viktige roller på 900- og 1000-talet. Biskop Liutprand av Cremona var eit medlem av keisarhoffet under Sachsen-dynastiet og Olderic fekk gode privilegium for byen sin frå keisar Otto III. Dei økonomiske tilhøva vart enno betre då det vart danna ei hamn ved elva ut av ein tidlegare austromersk festning.

Under Henrik IV nekta Cremona å betale dei harde skattane som riket og biskopen kravde. I følgje segna skal den store gonfaloniere (borgarmeisteren) Giovanni Baldesio av Cremona ha møtt keisaren sjølv i ein duell. Då Henrik vart slått av hesten sin slapp byen å betale skatt i eit år. Første gong ein høyrer om eitt fritt Cremona er i 1093 då byen vart medlem av eit forbund som var mot riket, leia av Mathilde av Kanossa, i lag med Lodi, Milano og Piacenza. Denne konflikten endra med tap for Henrik IV og hans kjende Kanossagang til pave Urban II i 1098. Cremona fekk Insula Fulcheria, området rundt byen Crema som området sitt.

Frå denne tida var den nye kommunen stadig i krig med dei nærliggande byane for å utvide området sitt. I 1107 erobra Cremona byen Tortona, men fire år seinare vart hæren deira kraftig slått nær Bressanoro. Som i mange andre italienske byar var innbyggjarane delt inn i dei to motståande partia, Welf, som var sterkast i den nye bydelen, og Ghibellini, som stod sterkast i den gamle bydelen. Desse to partia var så uforsonlege at førstnemnde bygde eit nytt rådhus, Palazzo Cittanova.

Fredrik Barbarossa kom til Italia for å utøvde makta si valde Cremona hans side for å få hans støtte mot Crema, som hadde gjort opprør med hjelp frå Milano. Sigeren som fylgde og den lojale haldninga til keisaren gjorde at Cremona fekk retten til å prege sine eigne myntar i 1154.

I 1162 gjekk keisaren i lag med styrkar frå Cremona til åtak på Milano og øydela byen. I 1167 byta derimot byen side og vart med i Det lombardiske forbundet. Toppane til byen var med i hæren som 29. mai 1176, slo Barbarossa i slaget ved Legnano. Det lombardiske forbundet varte ikkje lenge. I 1213, ved Castelleone, slo Cremona eit forbund av Milano, Lodi, Crema, Novara, Como og Brescia. I 1232 allierte Cremona seg med keisar Fredrik II, som igjen prøvde å utøve makta si i Nord-Italia. I slaget ved Cortenuova var Cremona på den sigrande sida og etter dette var Fredrik og hoffet hans ofte i byen. I slaget ved Parma tapte derimot Ghibellinarane stort og to tusen frå Cremona vart tatt til fange.

Nokre år seinare tok Cremona hemn ved å slå Parma sin hær. Cremona sin hær, under Umberto Pallavicino sin kommando, erobra Parma sin carroccio og i fleire hundreår hang buksene til fienden frå taket på domkyrkja som eit teikn på fienden si audmjuke.

I denne perioden blømde Cremona og nådde eit folketal på 80 000 (til samanlikning er det kring 70 000 i dag) og var ein av dei største byane i Europa.

I 1266 vart Pallavicino kasta ut frå Cremona og Ghibellini-styret enda. I 1276 tok Cavalcabò-familien over styret som signore og dei hadde makta til 1322. I denne perioden vart det bygd fleire flotte bygg i byen, i tillegg til eit nettverk av kanalar som hjelpte jordbruket. 29. november 1322 tok ein mektigare familie over styret, Visconti-familien, og styrte byen dei neste 150 åra, bortsett frå kortare periodar som i 1327Ludvig av Bayern styrte, i 1331Johan av Böhmen styrte og eit kort avbrekk i 1403 då makta gjekk tilbake til Cavalcabò ein liten periode. 25. juli 1406 vart kaptein Cabrino Fondulo drepen av sin eigen tilsette Ubaldo Cavalcabò i lag med mannlege medlemmer i familien hans. Cavalcabò tok kontroll over Cremona. Seinare måtte han gje byen tilbake til Visconti for 40 000 gylden etter at han ikkje var i stand til å takle oppgåva med å styre byen. Cremona vart så ein del av Hertugdømet Milano, noko dei utanom korte periodar var fram til samlinga av Italia.

Moderne tider[endre | endre wikiteksten]

Frå 1499 til 1509 var Cremona under Republikken Venezia. Sigeren til Det italienske forbundet ved Agnadello gav byen tilbake til Hertugdømet Milano. Hertugdømet kom så under Spania etter Noyon-traktaten (1513). Cremona kom først inn under nye herskarar i 1524 då borga Santa Croce overgav seg. Franskmennene vart kasta ut frå hertugdømet to år seinare etter Madrid-traktaten, og Cremona vart så i ein lang periode styrt av utlendingar. Det spanske styret vart middelmådig og etter at hertugdømet kom dårleg ut av svolten i 1628 og pesten i 1630 klarte dei ikkje stå imot ei fransk erobring i 1701 under den spanske arvefølgjekrigen. Hertugdømet vart så underlagt Austerrike 10. april 1707.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]