Henri Rousseau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, 1908
Den sovande sigøynarinna, 1897
Slangetemjaren, 1907

Henri Julien Félix Rousseau (21. mai 18442. september 1910) var ein fransk post-impresjonistisk målar med ein naivistisk eller primitivistisk målemåte. Han er også kjent som «Le douanier» (tollaren) etter yrket. I samtida vart han møtt med mykje flir, sidan har han vorte heva til ein framståande plass i kunsthistoria.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Rousseau var son til ein røyrleggar frå Laval i Mayenne i Frankrike, og vart først tilsett et lite sakførerfirma. Der var han uheiderleg, og tok ein fireårskontrakt med militæret (1863–67). Etter faren døydde i 1868 gifta han seg og flytta til Paris. Han tok med seg mora si, og for å forsørgje henne tok han stilling i tollvesenet. I 1871 vart han forfremja til skatteinnkrevar. Då han var vel 40 år gammal byrja han for alvor å måle. 49 år gammal sa han opp stillinga for å verte kunstmålar på heiltid.

Rousseau hevda at det var naturen sjølv som var læremeisteren, trass i at han vedgjekk å ha hatt nytte av råd fra dei to akademi-kunstnarane Félix Auguste-Clément og Jean-Léon Gérôme. I hovudsak var han likevel sjølvlærd, sett vekk fra kunnskapen om grunnleggande måleteknikkar.

Rousseaus mest kjende verk skildrar jungelscener, sjølv om han aldri besøkte ein jungel. Inspirasjonen fann han i dyrehagar, illustrerte verk og utstoppa dyr på museum. Han snakka også med militære veteranar som kunne fortelje korleis det var i jungelen. Til ein kunstkritikar så han at «når eg går inn i eit drivhus og ser på eksotiske plantar, har eg ei drøymerøyndomsoppleving». Jamsides slike bilete laga han små byscener frå Paris sentrum og omland.

Rousseau døydde i Paris hausten 1910. Mellom dei som fylgde han til grava var Paul Signac, Robert Delaunay, skulptøren Constantin Brâncuși og diktaren Guillaume Apollinaire.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Henri Rousseau

Kjelder[endre | endre wikiteksten]