Henrik Frisak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Henrik Leganger Frisak (18. juli 18521939) var ein jurist, embetsmann og stortingsrepresent frå Romedal i Hedmark.

Frisak var fødd i Romedal, faren var offiser i infanteriet. Sjølv vart han 1867 student frå Nissens skole i Kristiania, fem år seinare vart han cand. jur. 1874-75 var han stenograf i Stortinget, deretter 1875-78 fullmektig hos sorenskrivaren i Romsdal. I peridoen 1878-98 var han overrettssakførar i Ålesund. Frå 1898 til 1913 var han sorenskrivar i Sunnmør. Til sist, frå 1913, høgsterettsassessor i Kristiania.

I periodane 1890-95, 1899-1904 og 1908-10 var Frisak medlem av bystyret i Ålesund, ordførar 1902-04 og 1908-09. Elles var han direktør i Aalesunds Sparebank 1881-82, seinare mange år direktør i Landmandsbanken i Ålesund. Frisak representerte Ålesund og Molde på Stortinget 1910-12. Han var då medlem av Lagtinget, næringskomite nr 1 og den utvida justiskomiteen. Politisk høyrde han heime i Venstre.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914