Henrik III av England

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henrik III av England

Konge av England
Regjeringstid28. oktober 121616. november 1272
EngelskHenry
Fødd1. oktober 1207
FødestadWinchester
Død16. november 1272
DødsstadWestminster
GravstadWestminster Abbey
Gift medEleanor av Provence, Eleanor av Provence
DynastiHuset Plantagenet
FarJohan av England
MorIsabelle d'Angoulême
BornEdvard I av England, Margaret av England, Beatrice av England, Edmund Krokrygg, Katherine av England, Richard of England, John of England, William of England, Henry of England

Henrik III av England (1. oktober 120716. november 1272) kalla seg konge av England frå 1216 til 1272, men var eigenleg konge i tida 1234–58.

Henrik var son til Johan utan land (John Lackland). Medan Henrik var umyndig, vart riket leia av formyndarar, først jarlen av Pembroke og seinare Hubert de Burgh. Henrik tok styringa i 1234 og kom etter kvart i strid med adelen, som var misnøgd med hard skattlegning og stor pengebruk frå kongen side, attpå ei favorisering av utlendingar ved hoffet.

Då Henrik lovde paven store pengeløyvingar til striden mot hohenstaufane, greip ein koalisjon av engelske baronar makta i 1258. Gjennom dei såkalla Oxford-provisjonane tvinga dei fram store endringar i riksstyringa. I eit slag ved Evesham i 1265 fall den røynlege herskaren over England, Simon av Montefort, i strid mot styrkane til Edvard 1. son til Henrik. Etter den tid var Edvard engelsk konge i gagnet, far hans berre i namnet.

Henrik døydde i Westminster i 1272 etter lang tids sjukdom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Store norske leksikon