Winchester

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om byen i England. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Winchester (fleirtyding).

Winchester

Sentrum
Sentrum
Plassering
Winchester is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Hampshire
Distrikt Winchester
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

41 420
Koordinatar 51°4′″N 1°19′″WKoordinatar: 51°4′″N 1°19′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer SO22, SO23
Telefon-retningsnummer 0 1962
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Winchester

Winchester er administrasjonsbyen i grevskapet Hampshire i England. Folketalet er omkring 35 000 (2004). Byen er òg administrasjonssenter for City of Winchester, eit distrikt som dekkjer byen med områda rundt. Han har i ein periode vore hovudstad i England.

Fleire viktige historiske bygg er bevart, som Winchesterkatedralen1100-talet, Winchester College grunnlagt i 1382 og Storhallen, den einaste bevarte delen av det kongelege palasset. Storhallen vart gjenoppbygd mellom 1222 og 1235, og framstår i dag i den forma. Han er kjent som staden der det runde bordet til kong Arthur er opphevart; sidan 1463 har eit stort rundt bord hengt på veggen. Det er datert til 1300-talet, og er derfor ikkje frå Arthur si tid, men det er likevel ein stor turistattraksjon.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den tidlegaste kjende busetnaden er frå jernalderen, då det vart lagt fleire fort omkring byen. I romersk tid heitte byen Venta Belgarum og var ein viktig by.

I angelsaksisk tid vart byen hovudstad i kongedømet Wessex under kong Alfred den store. Sidan England vart samla på denne tida, vart han dermed òg hovudstad i England fram til erobringa til normannarane i 1066.

Winchester bispedøme er eit av dei eldste bispeseta i England. Ein av biskopane, William av Wykeham (13661404) var ansvarleg for mykje av katedralen slik han står i dag, og han grunnla òg Winchester College. Ein annan kjend biskop i Winchester er St. Svithun, som katedralen i mellomalderen i Stavanger vart vigd til.

I mellomalderen var byen eit viktig sentrum for ullhandel, ein næringsveg som etterkvart døydde ut. Det var òg ein viktig stad for pilegrimar, sidan den gamle pilegrimsleia til Canterbury starta der.

Forfattaren Jane Austen døde i Winchester i 1817 og er gravlagd i katedralen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]