Henry Raeburn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, ca 1820

Henry Raeburn (4. mars 17568. juli 1823) var ein skotsk portrettmålar under romantikken. Raeburn vert, ved sidan av David Wilkie, rekna som grunnleggjarar av den såkalla skotske målarskulen. Han vart fødd og døydde i Stockbridge ved Edinburgh.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Raeburn var elev ved 'George Heriot's School' i Edinburgh. 15 år gammal byrja han å utdanne seg til gullsmed, vende seg snart til gravørarbeid og enda deretter opp som den fremste portrettmålaren i Edinburgh.

Pastor Robert Walker står på skeiser, 1784

Då han var 24 år gifta Raeburn seg med den rike, elleve år eldre Ann Edgar, enkje etter ein greve. Rikdomen sette han i stand til å reise til London i 1784, for å studere hos Joshua Reynolds, den leiande portrettmålaren i samtida. Mellom 1784 og 1786 budde han i Roma. Opphaldet i Italia vart viktig for utviklinga hans, der let han seg inspirere av verka til Pompeo Batoni, Gavin Hamilton og Giovanni Romanelli, noko som viser att i seinare portrettbilete. Særleg fascinert var Raeburn av dei verknadene lyssettinga kunne ha.

Raeburn, som i 1822 vart slått til riddar av kong Georg IV, og kalla «kongens målar i Skottland», hadde heile livet eit tvisynt tilhøve til England. Regelessig sende han verka sine til Royal Academy of Arts, der han i 1815 vart fullverdig medlem. Sjølv reiste han berre sjeldan til London, som hadde eit større miljø og kunstpublikum. For skotsk målarkunst var det ei lukke at han vart verande i Edinburgh, og slik stimulerte lokale målarar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Henry Raeburn

Kjelder[endre | endre wikiteksten]