Joshua Reynolds

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett
Frøken Bowles, 1775
Lord Keppel, 1778

Joshua Reynolds (16. juli 172323. februar 1792) var ein dei fremste britiske kunstmålarane på 1700-talet og den første formannen i Royal Academy of Arts. Særleg vert han framheva som portrettmålar. Han makta å gi målarkunsten ein britisk tradisjon og introdusere historiemåleriet i Storbritannia. Gjennom talar og skrifter vart han den suverene autoriteten i den samtidige, engelske kunstverda.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Reynolds var fødd i landsbyen Plympton, i dag ein forstad i Plymouth, der far hans var skulemeister. Sjølv byrja som lærling hos portrettmålaren Thomas Hudson i London då han var 17 år gammal. Læretida var meint å vare i fire år, men etter to og eit halvt år forlet han verkstaden til Hudson, då Reynolds hadde lært alt det Hudson kunne lære han. I dei følgjande åra dreiv han med portrettkunst. Si kunstnariske læretid fullførte han med ei reise i Italia i åra 1749-52. Han vart då fascinert av både den antikke kunsten og renessansekunsten, særleg av verka til Rafael og Michelangelo. Men også dei venetianske målarane påverka Reynolds. Inspirasjonen han fekk i Italia er godt synleg i arbeida han laga heime i London. Frå dei gamle meistrane lånte han handlingar, haldningar og gestar til sine eigne arbeid.

Marknaden for målarkunst i England på 1700-talet handla i stor grad om portrett. Mellom målarane sjølve stod historiemåleriet høgst i gunst, eit syn kunstsamlarane ikkje delte. Skulle engelsk målarkunst nå opp til eit nivå jamsides andre europeiske land, måtte historiemåleriet få innpass i England. For å oppnå dette førte Reynolds portrettet nærare historiemåleriet. Denne tilnærminga innebar ei idealisering og opphøging av portrettet, noko kundane tok vel imot. Reynolds vart då den mest populære portrettmålaren i London.

Ved grunnlegginga av Royal Academy of Arts i 1768 vart Reynolds utnemnt til president, basert på populariteten mellom publikum. I stillinga som president kunne han lett arbeide for målet sitt, ei fagleg forbetring av engelsk målarkunst. I 1773 våga han for første gong å stille ut eit historiemåleri på Royal Academy, Ugolino og sønene hans i fangeholet. Med dette verket skulle publikum vekkast så ein fekk gjennomslag for fleire sjangrar enn berre portrettkunsten.

Reynolds årlege foredrag under prisutdelinga i Royal Academy handla om å auke kvaliteten på engelsk kunst. Først prøvde han å hjelpe engelsk målarkunst gjennom doktrinen om «UT Pictura poesis», der målarkunsten nytta poesien i strevet for å skape ein tradisjon. Seinare propaganderte han for historiemåleriet og «grand style», etter hans meining den einaste fornuftige stilen å presentere denne typen bilete på. Slik påverka han, gjennom tale og framsyning av verk, kunstsmaken hos både samlarar og dei som styrte med kunstproduksjonen.

År 1781 gjorde Reynolds ei reise i Flandern. Her vart han sterkt påverka av kunsten til Peter Paul Rubens. Særleg begeistra vart han for fargebruken og den uformelle presentasjonen av motivet. Reynolds jobba sidan i ein meir målande stil, og framsyningane i måleria hans vart livlegare og meir dramatiske.

I 1789 vart han blind og måtte slutte å måle.

Reynolds vert særleg framheva som portrettmålar. I den fine kjensla for form og i det siste penselstrøket overgjekk han alle tidlegare målarar i England, også i den friske fargebruken nådde han eit sjeldant høgt nivå. Derimot mangla han originalitet. Som ein eklektikar søkte han å sameine det beste av Tizian, Rubens, Rembrandt og Correggio, men det kom i klanglege eksperiment som har svekka krafta i mange av måleria hans. Best lukkast han med utsjånaden til ungdom og det friske og naive i barns natur. Reynolds var som målar mindre viktig for innføringa av historiemåleriet, der både komposisjonen av bileta hans og truverdet i presentasjon kan vere mangelfull.

Reynolds døydde i London i 1792 og vart gravlagd frå St. Pauls katedralen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Joshua Reynolds
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!