Henry Strzelecki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henry Strzelecki
Fødd8. august 1939(1939-08-08)
FødestadBirmingham i Alabama
Død30. desember 2014 (75 år)
DødsstadNashville
FødenamnHenry Pershing Strzelecki
OpphavUSA
SjangerCountry, rock & roll
InstrumentBassgitar, gitar, munnspel
Tilknytte artistarChet Atkins, Hank Garland
Verka sommusikar

Henry Strzelecki (8. august 193930. desember 2014) var ein USA-amerikansk studiomusikar i Nashville som spelte med Chet Atkins, Waylon Jennings, Willie Nelson, Eddy Arnold, Bob Dylan, Johnny Cash, Ronnie Milsap, Merle Haggard og mange andre.

Strzelecki var fødd i Birmingham i Alabama og byrja å spele country i tenåra.[1] Han skreiv songen «Long Tall Texan», som vart ein hit for The Beach Boys. Han arbeidde med Chet Atkins i mange år, både i studio og på turné. Han vart rekna som eit av hovudmedlemmane i Nashville A-Team og arbeidde med nesten kvar stjerne som braut gjennom i Nashville frå 1960- til 1980-åra.[2]

I 1987 vart han nominert til årets bassist under Academy of Country Music Awards.[1]

Strzelecki vart råka av ein bil i Nashville den 22. desember 2014 og døydde av skadane 30. desember.[2][3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Eder, Bruce. «Henry Strzelecki: Biography». Allmusic. Henta 1. desember 2016. 
  2. 2,0 2,1 Oermann, Robert K. «Session Great Henry Strzelecki Passes». Music Row. Henta 1. desember 2016. 
  3. Meyer, Holly (2. januar 2015). «Studio musician dies from crash injuries». The Tennessean. Henta 1. desember 2016.