Hertugdømet Preussen
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||
Hertugdømet Preussen (tysk: Herzogtum Preußen; polsk Prusy Książęce) var eit hertugdøme oppretta i 1525 i den tidlegare Klosterstaten til Den tyske riddarordenen i den austlege delen av Preussen. Det var først ein protestantisk luthersk stat med ein dominerande tysktalande folkesetnad og ein polsk og litauisk minoritet.
|
Historia til Brandenburg og Preussen |
|||
| Nordmark før 1100-talet |
Gammalprøyssarane før 1200-talet |
||
| Markgrevskapet Brandenburg 1157–1618 (1806) |
Ordensstaat 1224–1525 |
||
| Hertugdømet Preussen 1525–1618 |
Det kongelege (polske) Preussen 1466–1772 |
||
| Brandenburg-Preussen 1618–1701 |
|||
| Kongedøme i Preussen 1701–1772 |
|||
| Kongedømet Preussen 1772–1918 |
|||
| Fristaten Preussen 1918–1947 |
|||
| Brandenburg 1947–1952 / 1990– |
|||
Hertugdømet, som hadde hovudstad i Königsberg (Królewiec), vart arva av kurfyrstane av Brandenburg frå Huset Hohenzollern i 1618. Personalunionen vert kalla Brandenburg-Preussen fram til det fekk status som kongedøme i 1701.
Hertugdøme Preussen vart stort sett verande ein sjølvstyrt vasall under Det polsk-litauiske samveldet fram til 1657, då «Storfyrste» Fredrik Vilhelm av Brandenburg fekk full suverenitet over området etter Wehlau-traktaten, og vart fullt ut anerkjend med Oliva-traktaten (1660).
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Duchy of Prussia» frå Wikipedia på engelsk, den 7. juni 2008.