Klosterstaten til Den tyske riddarordenen
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Klosterstaten til Den tyske riddarordenen (tysk Deutschordensland eller Ordenstaat) vart grunnlagd av Den tyske riddarordenen etter dei hadde erobra Preussen og dei heidenske gamalprøyssarane på 1200-talet. Han vart danna av riddarordenen i 1224 under dei nordlege krosstoga. Klosterstaten vart sekularisert i 1525 under reformasjonen og erstatta av Hertugdømet Preussen aust i Preussen.
Mange hadde tidlegare prøvd å erobre dei prøyssiske områda utan hell. Konrad I av Masovia hadde fleire forsøk, men vart slått tilbake kvar gong og bad til slutt Den tyske riddarordenen om støtte. Resultatet vart eit krosstog mot prøyssarane og mange av riddarane i Europa slo seg med i krosstoget som til slutt varte i seksti år. Tidleg i 1224 annonserte keisar Fredrik II av Det tysk-romerske riket at Livland, Preussen og fleire omliggande provinsar var reichsfrei og skulle styrast direkte under den romersk-katolske kyrkja og Det tysk-romerske riket utan lokale herskarar. Mot slutten av 1224 utnemnde pave Honorius III biskop Vilhelm av Modena som pavelegat for Livland, Preussen og andre land. Med den keisarlege bullen i Rimini og pavebullen i Rieti fekk Den tyske riddarordenen Preussen som sitt landområde.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Monastic state of the Teutonic Knights» frå Wikipedia på engelsk, den 21. januar 2008.