Heterotrofi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nedbrytinga av organisk materiale (vanlegvis sukker) skjer i mitokondrium hjå eukaryotar.

Heterotrofi (gresk heteros, «ein annan» og trophe, «føde/næring») er ei kjenning for levesettet til organismar som dekkjer energibehovet sitt gjennom å bryta ned organisk materiale frå andre organismar. Til dei heterotrofe organismane høyrer m.a. dyr, sopp, mange bakterier og nokre få plantar.

I økologien vert dei heterotrofe organismane ofte delt inn i detrivorar og predatorar, etter kva for form føda dei inntek kjem i. Detrivorar et daudt materiale, medan predatorar går etter levande organismar.

Heterotrofi står i motsetnad til autotrofi, som er energiproduksjon ved fotosyntese eller biokjemiske reaksjonar med uorganiske stoff.