Hjortspringsbåten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Restane av Hjortspringsbåten utstilt på Nationalmuseet i København.
Teikning av Hjortspringsbåten.
Ulike båttypar frå nordiske bronsealder, slik dei er framstilt på helleristningar.

Hjortspringsbåten (dansk: Hjortspringsbåden) er det moderne namnet på restane av ein krigskano av lindetre frå jarnalderen som vart funne i den vesle myra Hjortspring Mose på Als i Danmark i 1921. Båten er tidfesta til om lag år 350 før Kristus og inngjekk i eit stort myrfunn av våpen. Både båten og våpna har truelg vorte plassert i myra under ei religiøs seremoni.

Krigskanoen var om lag 19 meter lang, veide 530 kilo, og kunne ta 24 krigarar med våpen og anna utstyr. Folka sat på smale, særleg tilskårne tofter og padla kanoen fram med lange smale padleårer som var individuelt utforma for kvar mann og plassen hans i båten. Akterut var det eit sete som var halde opp av ei fint utsmykka tverrbjelke. I båten låg det dessutan mange lause tregjenstandar som vitna om høgt utvikla treskjerarhandverk.

Hjortspringbåten er bygd opp av ein botnplanke med to breie plankar på kvar side, sauma saman med bast. I båe endar er båten halde saman av to stamnklossar, og utstyrt med to plankar som går framover og oppover. Båten liknar soleis mykje på dei båtane som er synt på helleristningar frå bronsealderen, og gjer det klart at båtteikningane på helleristningane skal tolkast som plankebygde kanoar som vart rodd med padleårer.

Mykje av båten og av våpna vart teke opp allereie om lag 1880 under torvstikking i myra, men det var fyrst i 1920 at funnet vart kjend for Nationalmuseet i København og det var gjort synfaring på funnstaden av arkeologar. I 1921 – 22 vart det gjort granskingar av den vesle myra, som ikkje er større enn 45 x 50 meter og ligg 42 meter over havet, 3–4 km frå kysten. Det vart då funne ei stor mengd våpen av jarn og bein, og skjold og anna utstyr av tre. I 1922 konsentrerte ein seg om å berge båten, som låg i retninga nord – sør, men hadde vorte sterkt skada av mellom anna torvstikkinga. Utgravinga vart avslutta i september 1922 etter at heile myra var granska, slik ei ny utgraving i 1987 stadfesta. Det vart likevel gjort nokre nye funn av lause brot av spydskaft og av båtdelar som kunne nyttast til tidfesting av båten med moderne metodar.

Dei skrøpelege fragmenta av Hjortspringsbåten er montert på eit metallstav som syner korleis båten har vore forma, og er stilt ut på Nationalmuseet i København. Ei foreining som var skipa i 1991, Hjortspringbådens Laug, har lagd ein kopi i full storleik av båten, og synt at båten har vore god i sjøen og kunne kome opp i ein fart av om lag åtte knop med røynde padlarar ved årene.


Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Flemming Kaul, Hjortspringfundet og dets baggrund, 1988. ISBN 87-17-06023-0
  • Niels Peter Fenger u. a.: Das Hjortspring-Boot. Ein skandinavisches Kriegskanu aus dem 4. Jahrhundert vor Christus, vom Nachbau zur Probefahrt. Archäologisches Landesmuseum, Schleswig 2003. ISBN 978-3-88270-500-3
  • A.W. Brøgger, Haakon Shetelig: Vikingeskipene. Deres forgjengere og etterfølgere. (Wikingerschiffe. Deren Vorläufer und Nachfolger). Oslo 1950.
  • Ole Crumlin-Pedersen, Athena Trakadas (Hrsg.): Hjortspring. A a pre-roman Iron-Age warship in context. Viking Ship Museum, Roskilde 2003, ISBN 87-85180-52-1

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]