Hn/Skanderbeg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Skanderbeg».
Hn/Skanderbeg

Gjergj Kastrioti (140517. januar 1468), meir kjend som Skanderbeg, var ein albansk landshelt. Skanderbeg var ein osmansk offiser av albansk fødsel som tok atter albansk landumkverve og kjempa mot den osmanske heren i tvo tiår. Han er serleg kjend gjenom verket til renessansehistorikaren Marin Barleti.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Gjergj (Georg) Kastrioti var fødd i Krujë i midtre Albania, der far hans Gjon Kastrioti var fyrste yver eit osmansk lydrike. Som liten vart han og tri brør tekne til det osmanske hoffet for å tryggja truskap frå herskaren. Gjergj Kastrioti konverterte til islam og fekk militær upplæring i Edirne. Etter å hava leia mange slag for osmanarane fekk han tilnamnet Arnavutlu İskender Bey, 'fyrst Aleksander Albanaren', etter Aleksander den store. Namnet vart seinare albanisert til Skanderbeg. Han vart etterkvart utnemnd til general i den osmanske heren, og kjempa fleire slag i Europa og Vesle-Asia. Han fekk tittelen vali av sultan Murat II, og leidde til slutt ein kavaleristyrke på 5000 mann.

Seglet til Skanderbeg.

I 1443 fekk Skanderbeg og fleire andre albanarar høve til å skifta side under eit slag mot ungararane i Niš sør i Serbia. Han fór atter til Albania og tok atter farsborgi i Krujë ved hjelp av eit forfalska brev frå sultanen til guvernøren der. Skanderbeg tok avstand frå islam og kunngjorde at han vilde hemna ætti og landet sitt. Han tok i bruk flagg med dobbeltørni, eit gamalt romersk og bysantinsk symbol som ein i dag millom anna finn på det albanske flagget. Han allierte seg med Gjergj Arianit Komneni og gifta seg med dotteri hans, Andronike (fødd Marina Donika Arianiti). I 1444 fekk han samla dei albanske prinsane i Lezhë og grunnla ein liga mot osmanarane. Skanderbeg vart vald til leidar. Dei neste 25 åri førte albanarane ein nokså vellukka geriljakrig mot osmanarane, der dei gjorde nytta av dei albanske fjelli til å slå mykje større styrkar.

I 1461 vart Skanderbeg og den osmanske sultanen samde um ei triårig våpnkvila og deretter, etter ein mislukka osmansk invasjon, ei ny tiårig våpnkvila i 1463. I 1468 kom dei gjenverande albanske fyrstane saman i Lezhë att for å organisera ein ny liga og diskutera strategiar. Under møtet vart Skanderbeg sjuk av malaria og do. Albania var utarma av krig og leidarlaust. Dei osmanske styrkane erobra Krujë i 1478 og Shkodër i 1479. Dette var enden på organisert albansk motstand.