Ho Chi Minh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ho Chi Minh
Fil:Ho Chi Minh 1946 cropped.jpg
Vietnamesiske presidentar
Regjeringstid 6/1/1946-2/9/1969
Fødd 19. mai, 1890
Død 3. september 1969
Føregjengar -

Ho Chi Minh (19. mai 18903. september 1969), vietnamesisk Hồ Chí Minh, opphavleg kalla Nguyễn Sinh Cung, òg kjend som Bác Hồ («onkel Ho») i Vietnam, var ein vietnamesisk revolusjonær og statsleiar. Han var statsminister (1954) og president (1954–1969) i Nord-Vietnam.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Far hans, Nguyen Sinh Huy, var konfusiansk forskar, og Ho fekk sjølv ei streng konfusiansk oppdraging. Han fekk gymnasutdanninga si ved ein skule i Huế som bruka det franske utdanningssystemet, den same skule som dei seinare disiplane hans Pham Van Dong og Võ Nguyên Giáp gjekk på. I 1915 reiste han til England for å studere kokkekunst, og blei der kjent med kommunismen. Han fortsette studia i Paris frå 1917 til 1923. Under forhandlingane i Versailles etter første verdskrigen oppfordra han stormaktene til gjere noko med situasjonen i fransk Indokina, men han vart ignorert. Etter dette deltok han i å stifte Det franske kommunistparti, og bruka ein del tid i Moskva.

Ho flytte sidan til Hong Kong, der han grunnla Det vietnamesiske kommunistparti. Han tok på denne tida namnet Ho Chi Minh, som tyder «han som opplyser». I 1941 vendte han heim til Vietnam for å føre frigjeringsrørsla Viet Minh. Han førte vellukka militære operasjonar først mot japanske styrker, og seinare mot franske kolonistyrker under Frankrike sitt forsøk på å take att landet frå 1946 til 1954.

Han utropa seg som president i Vietnam 2. mars 1946, noko som ikkje vart internasjonalt godkjent. Han signerte 6. mars 1946 ein avtale med Frankrike, som godkjente Vietnam som ein autonom stat innanfor Den indokinesiske føderasjon og Den franske union. Dette kompromisset hindra ikkje at krig braut ut i desember 1946. I 1954 vart Den demokratiske republikken Vietnam (Nord-Vietnam) oppretta, og Ho vart først statsminister og deretter president.

Innanfor kommunistpartiet var Ho ein av dei moderate, og han mista stadig makt i forhold til dei meir militante og radikale kommunistane. I arbeidet for å foreine att Nord- og Sør-Vietnam var han ei av dei førande kreftene. I 1960-åra nytta han blant anna infiltrasjon og provokasjonar som førte til uro i sør for å oppnå dette.

Vietnamkrigen braut ut, først mellom Nord- og Sør-Vietnam og etter kvart intervensjon frå fleire vestlege og kommunistiske land, førte Ho krigen. Dette heldt han fram med inntil han døydde den 3. september 1969.

Allereie medan han levde var Ho gjenstand for ein personkult, som voks etter dauden hans. Etterleivningane hans vart balsamerte og utstilte i eit mausoleum av granitt i Hanoi, bygd etter modell av Lenin sitt mausoleum i Moskva. Dette var i stil med det som vart gjort for andre kommunistleiarar, men likevel i strid med Ho sitt siste ønske; han ville verte kremert, og bad om at oska skulle gravast ned på tre fjelltoppar, ein i kvar av hovudregionane i Vietnam. Han skreiv: «Ikkje berre er kremasjon bra frå eit hygienisk synspunkt, men det sparer òg jordbruksland».

Byen Saigon vart omdøypt til Ho Chi Minh-byen i 1975.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ho Chi Minh
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.