Holme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Holme i Adriahavet.

Ein holme eller holm er eit lite stykke land med vatn på alle kantar. Holmar er mindre enn øyar, har vanlegvis ikkje dyrkbar jord og er ikkje busette. Berg som berre såvidt stikk opp av havet og ikkje har særleg vegetasjon, vert kalla skjer. Holmar finst både i sjøen og i innsjøar.

Sjølv om holmar vanlegvis ikkje har busetnad, har nokre av dei vorte brukte som beiteområde eller i samband med fiske. På mange holmar er det difor bygd naust, bryggjer, gjerde eller liknande strukturar.