Snøfresar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fig. 1 Ein Mercedes-Benz Unimog med snøfresar.

Snøfresar er ei maskin som kastar snøen or vegen. Føremonen med ein snøfresar i høve til ein snøplog er at snøen vert kasta utover slik at han hamnar eit stykke frå vegen, slik at det ikkje bygger seg opp høge brøytekantar. Snøfresarar kan òg nyttast i snø som er for djup, eller for hard, til at han let seg fjerna med snøplog. Snøfresarar finst i mange ulike storleikar, frå småfresar på nokre kW til store maskinar som vert nytta til å rydda fjellovergangar med.

Ulike typar[endre | endre wikiteksten]

Nokre snøfresarar har ein roterande aksling med venger som kastar snøen ut gjennom ein vridbar tut, Fig. 3. Desse vert ofte kalla eintrinns fresarar. Mange eldre snøfresarar var av denne typen.

Moderne fresarar har ofte ein horisontal trommel med skovlar i fronten, som grev sund hard snø og matar han inn i eit kastehjul bak trommelen, Fig. 1, 2, 4 og 6. Desse vert ofte kalla totrinns fresarar. Trommelen gjer at fresen kan nyttast i hardpakka snø.

Ulike bruksområde[endre | endre wikiteksten]

Rydding av fjellovergangar[endre | endre wikiteksten]

Fig. 2 Snøfresar i Zojipasset i India.

Snøfresarar er til stor nytte for å halda fjelloverganar opne om vinteren, eller for å opna dei på føresumaren.

Sveits, som har mange fjellovergangar i Alpane, var eit føregansland og utvikla snøfresarar på 1930-talet. I Noreg vert snøfresarar nytta på mange fjellovergangar, som Saltfjellet og mange av fjellovergangane på vestlandet, som Vikafjellet, Sognefjellet m.fl., vert haldne opne ved hjelp av snøfresarar.

Jarnvegar[endre | endre wikiteksten]

Fig. 3 Opning av Rhätische Bahn i Sveits1960-talet.

Jarnvegane var tidleg ute med å ta i bruk snøfresarar. Dei fyrste av desse var dampdrivne, men moderne jarnvegsfresarar er monterte på diesel- eller elektriske lokomotiv.

Flyplassar[endre | endre wikiteksten]

Kraftige snøfresarar vert ofte nytta for å rydda flyplassar. På dette området er det norske føretaket Øveraasen ein av dei leiande produsentane [1].

Produsentar[endre | endre wikiteksten]

Mellomstore snøfresarar[endre | endre wikiteksten]

Fig. 4 Ein Zaugg snøfresar.

Snøfresarar vert i stort mon nytta i byar og tettstadar, der det er vanskeleg å koma til med snøplog. Ofte vert snøen blåsen direkte opp i ein lastebil og køyrd bort. På plassar der ein er plaga med vinden legg opp skavlar kan det snøen varta så hard og djup at det er vanskeleg å nytta plog. Med ein snøfresar kan ein tilpassa farten slik at fresen får ei høveleg snømengd å arbeida med.

Fig. 5 Traktormontert snøfresar i Finland.

Mellomstore snøfresar kan monterast på kommunalmaskinar, som i Fig. 4, på traktorar og hjullastarar. Snøfresar monterte på ein hjullastar vert ofte nytta i byar, industriområde og liknande. I bratt lende og på svingete vegar, der det kan vera vanskeleg å halda stor nok fart for at ein snøplog skal kasta snøen or vegen, er snøfresar ofte det beste alternativet. Traktormonterte snøfresarar vert ofte nytta for å halda gardsvegar og gardsplassar opne. Ettersom motoreffekten til landbrukstraktorane aukar har òg storleiken på traktormonterte snøfresarar auka. Mange kommunar set bort snørydding til gardbrukarar, som på det viset òg får ei inntektskjelde i vinterhalvåret.

Produsentar[endre | endre wikiteksten]

Småfresar[endre | endre wikiteksten]

Fig. 6 Honda småfresar.

Småfresar, Fig. 6, for å rydda oppkjørslar og gardstun har dei siste åra vorte populære. Småfresar kar små motorar og det går ofte like fort å nytta snøskuffe. For folk med dårleg helse kan ein småfresar vera ein nyttig reiskap, men det kan tykkjast som om mange nyttar fres av di dei er late.[treng kjelde]

Småfresarar finst i mange utgåver, både som ein- og totrinns. Dei fleste småfresarane har framdrift på hjula, men det finst òg nokre enkle typar som ikkje framdrift. Nokre av dei meir påkosta modellane har beltedrift, som fresen i fig. 6.

Produsentar[endre | endre wikiteksten]

Soge[endre | endre wikiteksten]

Fig. 7 Ein Snogo snøfresar montert på ein lastebil i arbeid på Trail Ridge Road i USA1930-talet.
Fig. 8 Ein tysk snøfresar på eit lokomotiv i 1956.

Dei fyrste snøfresarane såg dagens ljos i Canada. Tannlegen J. W. Elliot i Toronto fekk patent på ein snøfresar i 1869, men bygde ikkje maskina[2]. Ein annan kanadiar, Orange Jull, som heldt til i Orangeville i Ontario fekk patent på ein snøfresar i 1884. På grunn av at han ikkje åtte pengar til å laga maskina fekk han brørne Leslie til å laga ho. Fresaren, som var utstyrt med eigen motor, vart montert på eit lokomotiv. Maskina hadde to skovelhjul montert etter kvarandre, som roterte i motsett retning og pulveriserte snøen. Snøen vart så kasta ut gjennom ein styrbar tut av ei kraftig vifte.

I 1925 laga kanadiaren Arthur Sicard ein lastebilmontert snøfresar[3]. Han selde den fyrste maskina til bykommunen Outremont i Quebec i 1927. Snøfresaren til Sicard var montert på ein firehjulsdrives lastebil og vart driven av ein separat motor.

Den fyrste småfresaren vart truleg laga av Toro i 1952, fylgd av Ariens og Simplicty i 1961 og 1962.

Tidleg bruk av snøfresarar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Fig. 9 Snøfresar i arbeid på Bergensbanen i 1908.

Dei fyrste snøfresarane i Noreg vart nytta for å halda jarnvegane opne om vinteren. Bergensbanen var spesielt vanskeleg å halda open vinterstid og det vart nytta dampdrivne snøfresarar monterte på lokomotiv, Fig. 9.

Fig. 10 Ein av dei beltedrivne snøfresarane, med dieselmotor, som tyskarane nytta i Noreg frå 1942 til 1945.

I 1939 vart det kjøp inn ein snøfresar av merket Konrad Peters, frå Sveits, som vart sett i drift på Filefjell[4]. Denne maskina hadde to bensinmotorar, kvar på 55 kW, og kosta kr 55 000. Fresen hadde beltedrift og difor god framkommelegheit[4]. På grunn av at maskina hadde så lågt marktrykk kunne ho i tettpakka snø fjerna snøen lagvis når vegen skulle opnast på føresumaren. Transmisjonen var elektrisk: bensinmotorane dreiv ein likestraumsgenerator, som leverte elektrisk energi for å driva elektriske motorar som så dreiv belta. Farten kunne regulerast trinnlaust, slik at ein kunne tilpassa framdrifta etter snødjupn og etter kor hard snøen var. Fresen hadde ein masse på 11,7 ton, med to frontmonterte fresevalsar som kunne hevast og senkast hydraulisk. Under den tyske okkupasjonen innførte tyskarane fleire Perers-fresar. Dei freista mellom anna å halda vegen over Hardangervidda vinteropen, men måtte gje opp[4].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Dalløkken, P.E., Verdens største snøfreser, Teknisk ukeblad, 27/2-2009.
  2. History of the Snowblower
  3. Bellis, M., Who Invented the Snowblower?, About.com.
  4. 4,0 4,1 4,2 Askeland, A., Maskinar ryddar veg, Skald, 2002.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]