Houston Conwill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Houston Conwill

Statsborgarskap USA
Fødd 2. april 1947
Louisville
Død

14. november 2016 (69 år)
Bronx

Yrke kunstnar
Medlem av Studio Z
Ektefelle Kinshasha Holman Conwill
Houston Conwill på Commons

Houston Eugene Conwill (2. april 194714. november 2016) var ein amerikansk kunstnar som verka innan fleire kunstformer, men som særleg er kjend for offentlege skulptur-installasjonar i stor skala. Conwill var bilethoggar, målar og performance- og konsept-kunstnar med stadeigne verk som utforska og heidra åndelegheit og afroamerikanske kunstnarar, aktivistar og intellektuelle.[1] Studio Museum in Harlem har omtalt livsverket hans som eit «lasting monument to black culture.»[2]

Tidleg liv og karriere[endre | endre wikiteksten]

Houston Eugene Conwill var fødd i Louisville i Kentucky i 1947 som son av Mary Luella Herndon, ein pedagog, og Giles Adolph Conwill, ein kelnar. Han var den tredje i ein syskenflokk på seks. Far hans døydde då han var barn, og mormora hans (Estella Houston, som han var oppkalla etter) spelte ei viktig rolle i oppsedinga hans. Conwill blei oppdregen som katolikk, og mora var lærar og administrator ved ein hovudsakleg afroamerikansk sokneskule. Syster hans Estella Conwill Majozo er ein forfattar, diktar og professor. Minst ein av brørne hans, Giles Conwill, blei prest. Ei tid i slutten av tenåra budde Conwill i eit kloster i St. Meinrad i Indiana.

Etter å ha tent i luftforsvaret frå 1966 til 1970, blei Conwill student ved kunstfakultetet ved Howard University. I tida på universitetet arbeidde Conwill i lag med Sam Gilliam, Lois Mailou Jones og Skunder Boghossian, og tok inn tradisjonell afrikansk kunst stilt ut i galleriet til Howard. Det var her, og i den fyrste studentutstillinga i 1971, at Conwill byrja laga verk med lerret strekt over pyramideformer, eit motiv han kom til å bruka gjennom heile kunstnarkarrieren sin.[3] Conwill gjekk ut frå Howard i 1973 og flytta med kona si, Kinshasha Holman Conwill, som også hadde gått ut frå kunstskulen, til California. Houston tok mastergrad ved University of Southern California[4] og Kinshasha arbeidde som kurator ved Frank Lloyd Wright sitt Hollyhock House, der dei budde i to år.[3]

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Conwill gifta seg med Karen Holman (også kjend som Kinshasha Holman Conwill) i ein ghanesisk seremoni ved Metropolitan Baptist Church i Washington D.C. i 1971.[5] Han døydde 14. november 2016 av prostatakreft.

Kjende verk[endre | endre wikiteksten]

ARC (1986) av Houston Conwill, laga av afrikansk messing i betong. Skuggen hans følgjer etsa og innlagde metallsirklar i underlaget rundt han.

I 1989 laga Conwill eit installasjonsverk til Museum of Modern Art sin serie Projects med tittelen The Cakewalk Humanifesto: A Cultural Libation. Ei ramme i etsa glas, som minna om rosevindauget i Chartres, var innskriven med ord og kart som projiserte mønster på golvet i galleriet. Verket omfatta også eit bord der det låg ei bok med brev skrivne av syster hans, Estella. Opplesing av breva var ein del av utstillinga.[6]

Eit av dei mest framståande verka til Conwill er golvdesignet hans i terrazzo og messing ved Schomburg Center for Research in Black Culture, ein del av New York Public Library, som blei avduka i februar 1992. Golvverket ærar diktaren Langston Hughes, og oska hans er gravlagd i ei bokforma urne som er del av designet. Verket heiter Rivers, etter Hughes sitt dikt «The Negro Speaks of Rivers», og inneheld visuelle element frå joruba, haitisk voodou og kristne tradisjonar. Conwill samarbeidde med systera Estella att, og med arkitekten Joseph De Pace.[7]

I 1986 laga Conwill Arc, ein installasjon i storskala, for inngangen til York College, CUNY campus ved 160th Street.[8] Arc spennner 26 fot og er laga av metall, vanlegvis kjende som «African brass» eller afrikansk messing, innlagde i betong. Han er dekt av inkrusteringar av ulike symbol som stikk ut frå overflata etter at metalltråd er blitt smelta fast til henne. Arc er oksidert til ein grønfarge, liknande den til Statue of Liberty i New York. Verket omfattar også tre inkrusterte metallsirklar som er lagt inn i betong i bakken Kvar sirkel har eit ord som er repetert to gonger i store bokstavar. ‘MEMORY’ er plassert under bogestrukturen, følgd av ‘VISION’ nokre trinn over og så, etter nokre trinn til, ‘IMAGINATION’. Kvar sirkel er delt inn i fire like store delar med innlagde linjer som likna Yowa,[9] kongo-kosmogrammet for kontinuiteten til menneskeliv gjennom reinkarnasjon. Mange symbol blir brukte av afrikanarar til å representera framhaldet av lulturen deira i USA. Alt etter tid på døgnet og plasseringa til sola flytter skuggen til Arc seg over metallsirklane på bakken.

Verk av Conwill er med i dei permanente samlingane til Museum of Modern Art i New York; Hirshhorn Museum and Sculpture Garden i Washington, D.C.; Museum of Contemporary Art, Los Angeles og Studio Museum in Harlem.[10]

Utvalde verk[endre | endre wikiteksten]

Well (1986) i Social security building i Jamaica i Queens.
  • The Joyful Mysteries (1984–2034 A.D.), (1984), ved Studio Museum i Harlem i New York
  • Arc (1986) ved York College, CUNY, New York
  • The Open Secret (1986), mesanin ved 125th Street station i New York[11][12][13]
  • The Cakewalk Humanifesto: A Cultural Libation (1989) at MOMA, New York
  • Poets Rise (1989), eksteriøret til Joseph P. Addabbo Federal Building i Jamaica i Queens i New York [14]
  • Rivers (1992) ved Schomburg Center for Research in Black Culture i New York
  • Du Sable’s Journey (1991), med Estella Majoza og Joseph De Pace, i Harold Washington Library i Chicago[15]
  • Revelation (1993), also known as the Martin Luther King Jr. Memorial, med Estella Majoza og Joseph De Pace, ved Yerba Buena Gardens i San Francisco
  • New Calypso (1994), med Estella Conwill Majoza og Joseph De Pace, i Park West Station i Miami[16]
  • The New Ring Shout (1995), i Ted Weiss Federal Building (nær African Burial Ground National Monument) i New York by[17]

Utvalde utstillingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1976 JuJu, The Gallery, Los Angeles
  • 1980 Passages: Earth/Space H3, Nexus Gallery, Atlanta
  • 1981 Easter Shout!, PS1, New York
  • 1982 Afro-American Abstraction, Los Angeles Municipal Art Gallery, Los Angeles[18]
  • 1986 Houston Conwill: The Passion of St. Matthew—Painting and Sculpture, Alternative Museum, New York
  • 1990 Houston Conwill: Project Series, Museum of Modern Art, New York
  • 1990 Hirshhorn WORKS 89: Daniel Buren, Buster Simpson, Houston Conwill, Matt Mullican / Sidney Lawrence, Ned Rifkin, and Phyllis Rosenzweig, Hirshhorn Museum and Sculpture Garden, Washington, D.C.
  • 1990 The Decade Show: Frameworks of Identity in the 1980s, New Museum of Contemporary Art, Museum of Contemporary Hispanic Art, and Studio Museum in Harlem, New York
  • 2013 Now Dig This! Art and Black, Los Angeles 1960–1980, MOMA PS1, New York[19]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1982 John Simon Guggenheim Memorial Foundation fellowship[20]
  • 1984 Rome Prize, USA
  • 1987 Louis Comfort Tiffany Foundation award[21]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Notable Kentucky African Americans Database». University of Kentucky Libraries. Henta December 14, 2014. 
  2. «Remembering Houston Conwill». Studio Museum in Harlem (på engelsk). Henta 20. mars 2018. 
  3. 3,0 3,1 Jeffries, Rosalind Robinson (1992). Arthur Carraway and Houston Conwill: ethnicity and re-Africanization in American art. Yale University. 
  4. «Projects: Houston Conwill». Museum of Modern Art. November 1989. 
  5. «Gerri Major's Society World». Jet. 20 Jan 1972. 
  6. Larson, Kay (December 4, 1989). «Corn King». New York Magazine. 
  7. «Mythologies». The New Yorker. February 2, 1992. Henta February 19, 2015. 
  8. «Arc, by Houston Conwill». web.york.cuny.edu. Henta 19. mars 2018. 
  9. «YOWA - Continuity of Human Life - African Burial Ground National Monument (U.S. National Park Service)». www.nps.gov (på engelsk). Henta 12. desember 2017. 
  10. «Houston Conwill (1947–2016)». www.artforum.com. Henta 20. mars 2018. 
  11. «MTA - Arts & Design | NYCT Permanent Art». web.mta.info (på engelsk). Henta 19. mars 2018. 
  12. «Transit Agency Creates Art Havens in Subways» (på engelsk). Henta 19. mars 2018. 
  13. «Open Secret (Houston Conwill)». www.nycsubway.org (på engelsk). Henta 20. mars 2018. 
  14. «Sculpture "Poets Rise" exterior of Joseph P. Addabbo Federal Building, Jamaica, Queens, New York». The Library of Congress (på engelsk). Henta 19. mars 2018. 
  15. «City of Chicago :: Harold Washington Library». www.cityofchicago.org (på engelsk). Henta 19. mars 2018. 
  16. Services, Miami-Dade County Online. «Art en Route - Miami-Dade County». www.miamidade.gov (på engelsk). Henta 20. mars 2018. 
  17. «Architectural art "The New Ring Shout" at Ted Weiss Federal Building, New York, New York». The Library of Congress (på engelsk). Henta 19. mars 2018. 
  18. «Afro-American Abstraction | MoMA». The Museum of Modern Art (på engelsk). Henta 19. mars 2018. 
  19. «Now Dig This! Art and Black Los Angeles 1960–1980 | MoMA». The Museum of Modern Art (på engelsk). Henta 19. mars 2018. 
  20. Buie, Linda (2008). «Houston Conwill Arc, 1986 – Metals and Concrete, span 26 feet». York College, City University of New York. Arkivert frå originalen April 19, 2013. Henta December 14, 2014. 
  21. «Houston Conwill | Now Dig This! digital archive | Hammer Museum». Hammer Museum (på engelsk). Henta 19. mars 2018.