Fridomsgudinna
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fridomsgudinna (engelsk Statue of Liberty, eller formelt Liberty Enlightening the World, 'Fridommen opplyser verda') er ein kjempemessig statue som står på Liberty Island i munninga av Hudson-elva i New York hamn. Han viser ei kvinne med ei strålande krone, kledd i ein fotsid drakt med lenker under føtene. I høgre hand held ho ein fakkel opp mot himmelen, og i venstre hand ei tavle til minne om den amerikanske sjølvstendeerklæringa.
Statuen blei avduka den 28. oktober 1886 og var ei gåve til det amerikanske frå det franske folket som eit symbol på vennskapsbanda mellom landa. Han var det første fleire millionar innvandrarar til USA såg av landet etter å ha kryssa Atlanterhavet, og statuen er etterkvart blitt eit symbol for fridom, demokrati og USA sjølv.
Innhaldsliste |
[endre] Utforming
Statuen av fridomsgudinna blei teikna av bilethogaren Frederic Bartholdi og er framstilt i kopar over eit stålskjelett konstruert av den franske ingeniøren Gustave Eiffel. Statuen måler 46 meter, og er plassert på ein 47 meter høg steinsokkel laga i USA. Nasen er 120 cm lang.
[endre] Symbol
Tavla statuen ber har innskrifta«July IV MDCCLXXVI» (4. juli 1776), datoen då USA si sjølvstendeerklæring blei underskriven.
[endre] Vitjing
Statuen er ein populær turistattraksjon og er normalt åpen for vitjande. I sjølve sokkelen finst eit museum, medan ein kan ta trapper eller heis opp til statuekrona, der ein kan sjå utover hamneområdet i New York. Tidlegare kunne ein også klatra i ein stige opp den høgre armen mot fakkelen, men dette er blitt stengt for andre enn dei tilsette ved statuen.
[endre] Kopiar
Ein kan finna mindre kopiar av statuen fleire steder i verds, melloma anna i Paris, Hanoi, Bordeaux, Osaka, Visnes og Colmar.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Frihetsgudinnen» frå Wikipedia på bokmål, den 24. mars 2008.
[endre] Bakgrunnsstoff

