Hundre
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Talet 100 i ulike talsystem: |
|
| 1100100 | binært |
| 144 | oktalt |
| 100 | desimalt |
| 64 | heksadesimalt |
| C | romartal |
Hundre (av norrønt hundrað), skrive 100 i titalsystemet, viser i moderne norsk til eit naturleg tal som ligg mellom 99 og 101. 100 er kvadratet av 10, skrive 102. I daglegtalen kan «hundre» også visa mindre spesifikt til eit stort tal.
Ordsoge [endre]
Talordet hundre viste i norrøn tid til talet 120. Dette blei seinare omdefinert til eit storhundre, medan 100 kunne kallast eit «smalt hundre» eller «tirøtt hundre».
Matematikk [endre]
100 er summen av dei første ni primtala og av fire ulike par av primtal (47 + 53, 17 + 83, 3 + 97, 41 + 59). Det er også summen av kvadratet til dei første fire naturlege tala (100 = 13 + 23 + 33 + 43). Det er eit Leyland-tal gjennom at 26 + 62 = 100.