Hydalen i Hyllestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hydalen
stad
Land  Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Hyllestad
Postnummer 6958 SØRBØVÅG[1]
Gardnummer 19[2][3]

Hydalen eller Høydal, tidlegare skrive Hydal, er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 19.[2][3]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Hydalen ligg ved Hydalsvatnet, austom Vassenden. Garden grensar i vest til Ramsgrø og Øn, i aust til Fjaler kommune og i sør til Sundbotn.[3] Det går kommunal veg til bruka frå Fylkesveg 607.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hydalen er nemnt i Bergens kalvskinn frå midten av 1300-talet.[3]

Namnet[endre | endre wikiteksten]

I Bergen kalvskinn er namnet skrive «Ydolum» og fyrstelekkjen «Y» skal tyde barlind, slik at gardsnamnet tyder 'barlinddalen'.[4] Sjølv om det ikkje veks barlind i Hydalen no gjer det det andre stader i Hyllestad og også i Fjaler.[3]

I kjeldene er namnet skrive «i Ydolum» (BK. 28 b.), «i Yydolum» (BK. 29 a.), «Hiødall» (1563), «Høedall» (1603), «Høedallenn» (1608 og 1667) og «Høedahl» (1723).[4]

Hydalen er brukt som stadnamn fleire andre stader i landet.

Statens kartverk godkjende skrivemåten «Hydalen» i 1986 og «Høydal». i 1962.[5]

Når gardsnamnet vert brukt som slektsnamn plar det skrivast «Høydal».

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Postnummerkart på nettstaden til Posten».  Vitja 5. desember 2010
  2. 2,0 2,1 «Gardsleksikon på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv».  Vitja 5. desember 2010
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Inger Kellmer (1990). «Hydalen : Gnr. 19». I Finn Borgen Førsund. Hyllestad bygdebok : Soga om folket I. Hyllestad: Hyllestad kommune. s. 164. ISBN 8299219817. 
  4. 4,0 4,1 «Oluf Rygh: «Hydal» i Norske Gaardnavne». 
  5. «yr.no».  Vitja 5. desember 2010

Vidare lesnad[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]