Barlind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Barlind
Namn på andre språk
Svensk Idegran
Dansk Taks, Almindelig Taks
Engelsk Yew
Tysk Eibe, Europäische Eibe
Fransk If, if commun
Spansk Tejo, tejo común, tejo negro
Russisk Tis jagodnyj (Тис ягодный)
Barlind.

Barlind (europeisk barlind, vitskapleg namn Taxus baccata) er eit sers seintveksande, alltid grønt og giftig bartre i barlindfamilien.

Treet kan ha ein eller fleire stammer, eller vekse som ein busk. Høgda er vanlegvis ikkje meir enn 10 meter, men i sume høve opp til 20 meter. Nålene sit i spiral kring kvisten og er mjuke, flate, lansettforma og mørkegrøne, med glinsande overside og matt underside.

Hanrakler.
Nåler og modne (raude) og umodne konglar, òg kalla frukter. Fruktkjøtet er i røynda eit omdanna kongleskjell som veks ut frå stilken og etter kvart legg seg kring mesteparten av frøet, men utan å skjule det heilt, slik det går fram av fotografiet.
Tverrsnitt av ei stamme.

Konglane, som for barlind òg vert kalla frukter, har berre eitt einaste 4 - 7 mm langt frø. Fruktene er 8 – 15 mm store, modne etter 6 – 9 månader, ikkje giftige og med ein søtleg smak som fuglar set pris på. Frøet i frukta går uendra gjennom fuglen, slik at trea vert spreidde til nye område ved hjelp av fuglane. Sjølv om fruktene ikkje er giftige, er frøet inni og heile resten av planten giftig.[1]

I Noreg veks europeisk barlind vilt i spreidde førekomstar i traktene kring Mjøsa og Oslofjorden og nordover i kyststroka til Hjørundfjorden på Sunnmøre, der ein har registrert den nordlegaste førekomsten i Europa. Elles finn ein barlind i heile Europa, i Nordvest-Afrika, Nord-Iran og Sørvest-Afrika.

Barlind er blant dei trea som kan verte sers gamle.

Mange kultiverte variantar av barlind er planta i private og offentlege parkar og botaniske hagar.

Greiner av barlind er spenstige og vart i tidlegare tider nytta som materiale til bogar for jakt og krig.

[endre] Fotnotar

  1. Giftinformasjonssentralen
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk