Hyskeir
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øya i 1892.[1]
Hyskeir (skotsk-gælisk Òigh-sgeir) eller Heyskeir er ei lågtliggande øy i Indre Hebridane i Skottland. Fyret på øya markerer det sørlege innløpet til The Minch.
Hyskeir ligg 10 km sørvest for øya Canna og 14 kilometer vest for Rùm.[2] Garbh Sgeir er eit skjer som ligg ved øya og landgangsstaden for Hyskeir ligg i kanalen mellom dei to. Ingen av øyane er busette.
Etymologi [endre]
Hyskeir kjem frå det norrøne sker som tyder «skjer». Òigh-sgeir er gælisk for «jomfruskjeret».
Fyret [endre]
Hyskeir fyr vart bygt i 1904. Det 39 meter høge fyret markerer sørenden av the Minch . Det vart teikna av David og Charles Stevenson. Fyrlykta står 41 meter over havet.
Det kvite tårnet var bemanna fram til mars 1997 og var eit av dei siste fyra i Skottland som vart automatisert.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Hyskeir» frå Wikipedia på engelsk, den 15. februar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Murray, W.H. (1966) The Hebrides. London. Heinemann.
- ↑ frå Harvie-Brown, J.A. og Buckley, T. E. (1892), A Vertebrate Fauna of Argyll and the Inner Hebrides. Pub. David Douglas., Edinburgh. Facing s. XXIV
- ↑ «Hyskeir». Gazetteer for Scotland. http://www.geo.ed.ac.uk/scotgaz/features/featurefirst1625.html. Henta 15. februar 2010.