iPad
| |
|
| 250px |
|
| Skapar: | Apple |
|---|---|
| Lansert: | * 1. Januar 2010, |
| Skjerm: | 9.7" |
| Oppløysing: | 1024 x 768 |
| operativsystem: | iOS (iOS, bokmål) |
| Siste versjon: | 4.3.4 |
| Minne: | 16/32/64GB |
| Batteri: | ca. 10 timar |
| Nettverk: | WiFi (802.11a/b/g/n) |
| Kopling: | Macintosh eller PC via Apples dock-tilkopling og Wifi |
| Storleik: | 241,2 x 185,7 x 8,8 mm |
| Vekt: | 601/613 gram |
| Nettstad: | www.apple.com/no/ipad |
iPad (/ˈaɪpæd/) er eit lesebrett (tablet) produsert av Apple. Den er i hovudsak laga som ei plattform for audio-visuelle media inkludert bøker, magasin, filmar, musikk, spel, og Internett-surfing. Storleiken til iPad er mindre enn ein berbar datamaskin, men samtidig større enn ein smart-telefon. Den køyrer det same operativsystemet som iPhone og iPod touch, nemleg iOS.
Og akkurat som med iPhone og iPod touch vert iPad kontrollert med ein trykkfølsom skjerm (engelsk: touchscreen). iPad har støtte for WLAN(802.11n) og Bluetooth, i tillegg til innebygd 3G-støtte på ei anna type modell. Maskinen har òg maskin-til-maskin-kommunikasjon (M2M) over mobilnettet. iPad skal kunne køyre dei fleste applikasjonane tilgjengeleg i App Store, inkludert iPhone-applikasjonar. Det har samtidig blitt lansert eit program kalla iBooks. Dette er ein e-boklesar liknande Amazon sin Kindle. Ein får kjøpt bøker via iBookstore, som leverer bøker i ePub-format. Få bøker kan ein få kjøpt i Noreg, men ein kan laste ned ein del gratis bøker. I tillegg til ePub-filer, kan iBooks òg lese PDF-filer.
Allereie i fjerde kvartal 2010 hadde 150 000 personar i Noreg tilgang til ein iPad, ifølgje ei undersøking av TNS Gallup, som rekna seg fram til at om lag 500 000 i Noreg kom til å eige ein iPad ved slutten av 2011.[1]
Maskina har ein bakgrunnsbelyst LED-skjerm er 25 cm stor (diagonalt) med XGA-oppløsning. Den første versjonen hadde ikkje støtte for multitasking for applikasjonar kjøpt i App Store, men vart introdusert i november 2010 [2] saman med lanseringa av iOS 4.2.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Forhistorie [endre]
Det første nettbrettet til Apple vart kalla Newton MessagePad 100, og vart introdusert i 1993. Denne leia seinare til produseringa av ARM6-prosessorkjernen med Acorn Computers. Apple laga òg ein PowerBook Duo-basert prototype av eit nettbrett, kalla PenLite, men bestemte seg for å ikkje selgje den likevel for å ikkje skade salet av MessagePad. Apple lanserte nokre fleire Newton-baserte PDA-ar; den siste, MessagePad 2100, vart avvikla i 1998.
Apple gjekk inn i mobil-datamaskin-markedet på nytt i 2007 med iPhone. Mindre enn iPad, men med eit kamera og mobiltelefon, revolusjonerte det fingerfølsomme brukargrensesnittet av Apple sitt iOS det mobile operativsystemet. I slutten av 2009, hadde det gått rykter om iPad i fleire år. Dei fleste rykta gjekk om "Apple's tablet" (engelsk); under namn som iTablet og iSlate.
Steve Jobs sa seinare at Apple byrja å utvikle iPad før iPhone, men at dei midlertidig stansa iPad-utviklinga då det gjekk opp for dei at ideane deira like gjerne kunne bli brukt i ein mobiltelefon. [3] Kodenamnet for iPad var K48, som vart avslørt i ein rettsak om ein lekkasje av iPad-informasjon før lanseringa.
Første generasjon [endre]
Første generasjonen vart lansert 27. januar 2010 av Steve Jobs på ein pressekonferanse i Yerba Buena Center for the Arts i San Francisco. Den var i sal i USA sida mars 2010, men kom ikkje i sal i Noreg før ni månader seinare, i desember 2010. Før det hadde likevel mange skaffa seg iPad ved å kjøpe den direkte frå utlandet.
Andre generasjon [endre]
Andre versjonen, iPad 2, blei lansert i USA 2. mars 2011. I Noreg starta salet av iPad 2 25. mars. Den nye versjonen er både tynnare og lettare, har raskare prosessor og to kamera, eitt på baksida og eitt på framsida til bruk av FaceTime.
Programvare [endre]
Applikasjonane Safari, Mail, Bilder, Videoer, YouTube, iPod, iTunes, App Store, Kart, Notat, Kalender og Kontakter følgjer alle med iPad. iPad kan òg køyre iPhone-applikasjonar frå App Store. Applikasjonane kan køyrast i både iPhone-storleik og i eit forstørra format som er tilpassa iPad-skjermen.
iWork [endre]
Ein iPad-tilpassa versjon av iWork kan kjøpast separat til iPad. Dei tre programma Pages, Keynote og Numbers kostar i USA $9,99, og i Noreg er prisen 70 kroner per stk.
Tilleggsutstyr [endre]
- Smart Cover (skjermbeskytting)
- Tastatur
- Dockingstasjon
- Dock til USB-adapter
- HDMI-adapter
Referanser [endre]
- ↑ Journalisten 17. januar 2011 (Vitja 18. januar 2011)
- ↑ iOS 4.2 Software Update. Apples nettsted (vitja 17. desember 2010)
- ↑ Fox News 2. juni 2010 (Vitja 17. juli 2011)
- Denne artikkelen bygger på «IPad» frå Wikipedia på bokmål og «IPad» frå Wikipedia på engelsk, den 17. juli 2011.