iOS
iOS, tidlegare iPhone OS, er eit operativsystem, utvikla av Apple Inc., som opphavleg var laga for iPhone, men er i dag vert nytta på ulike elektroniske apparat frå Apple, som iPod Touch, iPad og Apple TV. I motsetnad til andre operativsystem vert iOS berre nytta på utstyr produsert av Apple.
Innhaldsliste |
Arkitektur [endre]
Arkitekturen til iOS har fire abstrakshonsnovå: kjernen, tenestelaget, medialaget og brukargrensesnittlaget. iOS 5.1.1 set av ein systempartisjon på 1 — 1,5 GB i Flash-minne. Av dette nyttar operativsystemet rundt 800 MB.
Multimedia [endre]
iOS nyttar Apple sine multimediaformat, noko som fører til at brukarane i stor grad vert avhengige av Apple. Game Center er eit nettbasert spelsenter kontollert av Apple.
Brukargrensesnitt [endre]
Brukargrensesnittet er basert på multigestrørsler på ein kapasitiv skjerm. iOS kan òg nytta innbygd aksellometer for å detektera rotasjon og risting.
Programvare [endre]
Det finst rundt 650.000 brukarprogram for iOS (april 2010), men all programvaren må kjøpast gjennom iOS App Store. At Apple monopol på sal og distribusjon er ikkje like populært hjå alle brukarane og somme har teke til å hakka seg forbi sperrene, slik at dei kan lasta ned brukarprogram som andre har skrive og lagt ut[1].
Kjelder [endre]
- ↑ Goldman, D., Jailbreaking iPhone apps is now legal, CNNMoney, 26/7-2010.
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen iOS frå Engelsk Wikipedia .