I Am a Rock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
I Am a Rock
Singel av Simon & Garfunkel
frå albumet Sounds of Silence
Utgjeve mai 1966
Innspelt 14. desember 1965
Sjanger Folkrock
Lengd 2:52
Selskap Columbia Records
Produsent Bob Johnston
Kritikk
Simon & Garfunkel-kronologi
«Homeward Bound»
(1966)
I Am a Rock «The Dangling Conversation»
(1966)

«I Am a Rock» er ein song skriven av Paul Simon. Han vart først innspelt av Simon aleine som opningsspor på albumet hans The Paul Simon Songbook som han spelte inn og gav ut i august 1965 i Storbritannia. Paul Simon og Art Garfunkel, som Simon & Garfunkel, spelte inn songen på ny 14. desember 1965 og gav han ut på albumet Sounds of Silence, som dei gav ut 17. januar 1966.

Simon gav songen ut den første versjonen som singel sommaren 1965. Som albumet hans vart ikkje singelen ein stor suksess og er i dag særs sjeldan. Medan Paul Simon turnerte i Europa sommaren 1965, la produsenten av Wednesday Morning, 3 A.M., det første albumet til Simon & Garfunkel, på elektrisk gitar og trommer på den originale, akustiske utgåva av «The Sound of Silence». Han gav denne ut som singel og han byrja å klatre på dei amerikanske salslistene. Då Simon høyrte dette reiste han attende til USA og vart gjenforeint med Garfunkel. Dei gjekk raskt i studio for å spele inn eit nytt album i liknande stil som «The Sound of Silence». Mellom anna spelte dei inn fleire av songane frå Song Book, inkludert «I Am a Rock», på ny.[1] Resultatet vart albumet Sounds of Silence, som duoen gav ut i januar 1966. Albumet nådde 21. plass på den amerikanske albumlista.

Duoen gav så ut «I Am a Rock» som singel seint på våren 1966 og songen nådde 3. plass i USA, den tredje singelen deira på rad som nådde Topp 5 etter «The Sound of Silence» og «Homeward Bound».

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt songen er mellom andre The Hollies, The Grass Roots, The Church, The Hated, Red House Painters, Me First and the Gimme Gimmes, Arjen Lucassen, Shelter, April Wine og Shaw Blades.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Heylin, Clinton, Bob Dylan: The Recording Sessions, 1960-1994, Macmillan, 1997. Cf. s.34-36.