Homeward Bound

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Homeward Bound
Singel av Simon & Garfunkel
frå albumet Parsley, Sage, Rosemary and Thyme
Utgjeve februar 1966
Innspelt 1965
Sjanger Folk
Lengd 2:42
Selskap Columbia Records
Låtskrivar(ar) Paul Simon
Produsent Bob Johnston
Simon & Garfunkel-kronologi
«The Sounds of Silence»
(1965)
Homeward Bound «I Am a Rock»
(1966)

«Homeward Bound» er ein song frå 1966 av Simon & Garfunkel, produsert av Bob Johnston og spelt inn 14. desember 1965. Paul Simon er sagt å ha skrive songen på Ditton jernbanestasjon i Widnes, nordvest i Englnad, då han måtte overnatte der etter at han ikkje nådde toget. Det heng ein plakett på stasjonen i dag til minne om dette. Songen skildrar lengselen etter å dra heim, både til den dåverande kjærasten Kathy Chitty i Brentwood i England og tilbake til USA. Songen gjekk inn på femteplass i USA den 12. februar 1966 og låg på lista i 12 veker.

Ein konsertversjon av songen finst på samleplata Simon and Garfunkel's Greatest Hits.

Songen er ein av Simon sine signaturlåtar i lag med «The Sounds of Silence», «Mrs. Robinson» og «Bridge Over Troubled Water» og vert ofte spelt på konsertane hans.

I 1976 spelte Simon og tidlegare Beatles-medlem George Harrison denne songen og Harrison sin «Here Comes the Sun» i ein episode av Saturday Night Live.

Fleire andre artistar har spelt songen, som The Beau Brummels, Cher, Glen Campbell, Janie Fricke, Davey Graham, Jack Jones, Jack's Mannequin, Petula Clark og Ronan Keating.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]