The Paul Simon Songbook

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Paul Simon Songbook
Studioalbum av Paul Simon
Utgjeve august 1965, Levy's Recording Studio i London
Innspelt juni, 1965
Sjanger Folk
Lengd 37:48
Selskap CBS
Kritikk
Paul Simon-kronologi
The Paul Simon Songbook Paul Simon
(1972)

The Paul Simon Songbook er det første soloalbumet til Paul Simon. det vat spelt og gjeven ut i Storbritannia i 1965, og vart visstnok sletta i 1979 etter ønske frå Simon. Det vart gjort tilgjengeleg i USA som ein del av plateboksen Paul Simon: Collected Works (1981). Albumet var produsert av Reginald Warburton og Stanley West.

The Paul Simon Songbook vart spelt inn medan Paul Simon reiste rundt i Europa som visesongar på midten av 60-talet. I 1964 hadde han og Art Garfunkel spelt inn albumet Wednesday Morning, 3 A.M. i USA som Simon & Garfunkel. Albumet selde dårleg og Simon reiste til Europa. Medan han var der byrja radioane i aukande grad å spele «The Sounds of Silence» i USA, og då produsenten av innspelinga la på ekstra lydspor med elektrisk gitar, trommer og bass, gav produsenten denne nye versjonen ut på singel. Singelen starta å klatra på listene og Simon reiste heim til USA att for å halde fram karrieren med Garfunkel.

Simon spelte inn sitt eige album i juni 1965. Han hadde berre ein mikrofon for både stemma og gitaren hans. Fleire av songane han spelte inn vart seinare spelte inn på ny med Simon & Garfunkel.

Albumet vart gjeven ut med ein singel, «I Am A Rock»/«Leaves That Are Green».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Paul Simon. 

# Tittel Lengd
1. «I Am a Rock»   02:52
2. «Leaves That Are Green»   02:41
3. «A Church Is Burning»   03:38
4. «April Come She Will»   01:55
5. «The Sound of Silence»   03:19
6. «A Most Peculiar Man»   02:26
7. «He Was My Brother»   02:58
8. «Kathy's Song»   03:42
9. «The Side of a Hill»   02:28
10. «A Simple Desultory Philippic»   02:25
11. «Flowers Never Bend with the Rainfall»   02:27
12. «Patterns»   03:13

Kjelder[endre | endre wikiteksten]