Ida Maria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ida Maria

Ida Maria Børli Sivertsen (fødd 13. juli 1984) , kjend under artistnavnet Ida Maria, er ein norsk pop/rock-musikar (vokal, gitar og bass) og låtskrivar fødd og oppvaksen på Nesna og busett i Stockholm. Ho vann Zoom urørt i 2006 og Urørtkonkurransen 2007 med songen «Oh My God». Ho spelte dessuten på by:Larm begge desse åra og spelte på både Øyafestivalen, Trænafestivalen og Quartfestivalen i 2007. Ida Maria er kjend for intensiteten og energien ho avleverer når ho opptrer live. I 2007 vart ho tildelt Alarmprisen under Alarmprisen.

I 2008 gav ho ut debutalbumet Fortress Round My Heart. Under Spellemannprisen 2008 fekk ho prisen for årets nykomar for denne plata.