Nesna kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nesna kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Nordland
Adm.senter Nesna
Areal 183,19 km²
 - land 181,32 km²
 - vatn 1,87 km²
Folketal 1 808  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Ordførar Hanne Davidsen (Ap)
Kommunenr. 1828
Kart
Nesna kommune
66°15′28″ N 13°2′6″ E
Wikimedia Commons: Nesna
Nettstad: www.nesna.kommune.no

Nesna er ein kystkommune på Helgeland i Nordland fylke. Forutan tettstaden med same namn har kommunen òg tre øyar, Hugløy/Hugla, Handnesøya og Tomma. Nesna kommune grensar til Rana kommune i aust, og over dei kringliggjande fjordane til Lurøy kommune i nord, Leirfjord kommune i sør og Dønna kommune i vest.

Kystriksvegen går gjennom kommunen, og Hurtigruta har stoppestad her. Høgskolen i Nesna (Tidlegare Nesna Lærerskole) er ein av tre høgskular i fylket, og eit viktig utdanningssenter i Helgelandregionen. Ein annan regional skule på Nesna er Kristen Videregående Skole Nordland (KVN).

I kommunereforma i 1.1.1964 vart dei delane av Nesna som låg rundt indre delen av Sjona overført til den nye storkommunen Rana, mens den delen av Nesna kommune som låg sør for Ranfjorden vart overført til Leirfjord kommune.

Tettstaden Nesna i framgrunnen, Tomma i midten bak, Handnesøya til høgre, Hugla til venstre.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Nesna kommune
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.