Ili

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ili
Ili
Ili
Utspring Elva Tekes og Kunges
Munning Balkhasjsjøen
Land i nedslagsfelt Kasakhstan og Kina
Lengd 1 439 km
Nedslagsfelt 140 000 km²

Ili (russisk Или; kinesisk 伊犁河, Yili He) er ei elv nordvest i Kina og søraust i Kasakhstan.

Ho er 1 439 km lang der 815 km av ho ligg i Kasakhstan. Elva har kjelda si aust i Tian Shan-fjella der elvane Tekes og Kunges renn saman. Ili drenerer nedslagsfeltet mellom Tian Shan og Borohorofjella i nord.

Ho munnar ut i Balkhasjsjøen og dannar her eit omfattande elvedelta med store våtmarksområde med innsjøar, myrer og jungelliknande vegetasjon.

Ili i Kina[endre | endre wikiteksten]

Byen Yining (Kulja) ligg på nordsida av elva, om lag 100 km før ho kryssar grensa. På sørsida, enno nærare grensa, ligg det autonome området Qapqal Xibe, der mange av xibe-folket i Kina held til.

Ili i Kasakhstan[endre | endre wikiteksten]

Området som i Kasakhstan som vert drenert av Ili og sideelvane hennar vert på kasakhisk kalla Zjetysu («Sju elvar») eller på russisk Semiretsjije (med same tydinga).

Vasskraftverket Kaptsjagaj vart bygd frå 1965 til 1980 midt i Ili og Kaptsjagajreservoaret vart danna. Tamgaly ligg 20 km nedanfor med helleristingar. Namnet «Tamgaly» tyder «måla» eller «merka stad» på kasakhisk.

Sideelvar[endre | endre wikiteksten]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ili gav namn til Ilitraktaten i 638, som formaliserte ei inndeling av Det tyrkiske kagnatet (552-638) i Det vestlege og Det austlege tyrkiske kagnatet, og grensa mellom dei to gjekk langs Ili.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Zuev Yu.L., The strongest tribe, s. 55-56, Almaty, 2004

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ili