Im Wartesaal zum großen Glück

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Im Wartesaal zum großen Glück»
Eurovision Song Contest 1956
Land Vest-Tyskland
Artist(ar) Walter Andreas Schwarz
Språk Tysk
Komponist(ar) Walter Andreas Schwarz
Låtskrivar(ar) Walter Andreas Schwarz
Resultat
Finalepoeng N/A1
Finaleplass N/A1
Vest-Tyskland i Eurovision Song Contest
«Im Wartesaal zum großen Glück» «So geht das jede Nacht»
(1956)

«Im Wartesaal zum großen Glück» (tysk for I venterommet til den store gleda) var eit av dei to vesttyske bidraga i Eurovision Song Contest 1956, framført på tysk av Walter Andreas Schwarz.

Eurovision Song Contest 1956[endre | endre wikiteksten]

«Im Wartesaal zum großen Glück», framført av Walter Andreas Schwarz, vann Deutsche Vorentscheidung zum Eurovision Song Contest 1956, den vesttyske uttakinga til Eurovision Song Contest 1956, saman med «So geht das jede Nacht» av Freddy Quinn. Dei to bidraga fekk dimed representere Vest-Tyskland i den fyrste utgåva av Eurovision Song Contest.

Songen starta som nummer fire i finalen, etter Belgia med «Messieurs les noyés de la Seine» av Fud Leclerc og før Frankrike med «Le temps perdu» av Mathé Altéry. Ein veit ikkje kva for plass bidraget enda på av di det ikkje vart gjeve nokre poeng og berre vinnaren vart offentleggjord.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

1.^ Det vart ikkje gjeve nokon poeng og berre vinnaren vart offentleggjord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Mal:Tyske songar i Eurovision Song Contest