Independent Labour Party

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Independent Labour Party, Det uavhengige arbeidarpartiet, var eit tidlegare politisk parti i Storbritannia. Partiet blei danna i 1893, og første leiaren var James Keir Hardie frå Skottland.

ILP spelte ei sentral rolle i danninga av Labour Party, ein gradvis prosess frå 1900 til 1906, og slutta seg kollektivt til dette. På denne måten kunne ILP halde fram med å ha sine eigne konferansar og sin eigen politikk, som ILP-medlemmene argumenterte for i Labour Party. ILP utgjorde mykje av aktivistbasen for Labour Party i åra fram til 1918.

Mange i ILP meinte Labour Party var altfor forsiktig i politikken sin, og somtid heilt prinsipplaus, som da det støtta første verdskrigen. I 1920 blei eit forslag om tilslutning til Tredje Internasjonalen likevel nedstemt i ILP. I 1922 blei mange frå ILP valde inn i parlamentet, men den første Labour-regjeringa i 1924 var skuffande for mange i ILP. Det same gjeld den andre Labour-regjeringa 1929-1931. ILP utgjorde hovudtyngda av den venstresosialistiske opposisjonen mot Labour-leiinga.

Det blei stadig klarare at ILP og leiinga i Labour Party stod i politisk motsetning til kvarandre, og det blei diskutert, særleg i Skottland, om ILP framleis skulle vere tilslutta Labour Party eller ikkje. I 1932 vedtok fleirtalet i ILP å forlate Labour Party. Dette førte til nedgang i medlemstalet i ILP, men større aktivitet, og ei klar venstredreiing i ILP si politiske linje. ILP var særleg aktive i støttearbeidet for venstresida i Spania under den spanske borgarkrigen, særleg partiet POUM. Mange ILP-medlemmer, mellom dei George Orwell, for til Spania for å ta del i krigen mot Franco og fascismen. På denne tida var også trotskistiske grupper med i ILP.

Etter den karismatiske leiaren James Maxton frå Skottland døydde i 1946, gjekk det nedover for ILP. Dei hadde likevel ein viss aktivitet i 1950-åra og 1960-åra, da dei særleg arbeidde for av-kolonisering og atomnedrusting. Nokre av dei som gjekk ut av det britiske kommunistpartiet i denne perioden slutta seg til ILP.

I 1970-åra var det likevel berre ein veik rest av ILP som på ny slutta seg til Labour Party, og la ned ILP som politisk parti i 1975.

Det kan tenkast at det relativt vellykka skotske sosialistpartiet SSP som finst i dag skuldar noko av suksessen sin den radikale demokratisk-sosialistiske tradisjonen ILP var eit uttrykk for, ikkje minst i Skottland.