Ingebjørg Støfring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingebjørg Støfring
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. mars 1945 (79 år)
Yrke diplomat

Ingebjørg Støfring (fødd 16. mars 1945) er ein norsk utviklingsarbeidar, diplomat og ambassadør. Ho har vore norsk ambassadør i Bangladesh og Zimbabwe.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Støfring er utdanna frå University of East Anglia i Storbritannia der ho avla mastergrad i utviklingsstudium. Ho har også studert sosiologi ved Universitetet i Oslo og har diplom i sosialt arbeid frå Diakonhjemmet Høgskole.[1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Støfring byrja karrieren sin som saksbehandlar i Norad, seinare i Bistandsdepartementet og Utanriksdepartementet.[1] I virket sitt i utanrikstenesta har ho vore stasjonert ved dei norske ambassadane i Nairobi, Dar-es-Salaam, Pretoria og Harare. I september 2006 tiltredde ho som ambassadør i Bangladesh.[1][2] I statsråd 30. april 2010 blei Støfring utnemnd til ambassadør i Zimbabwe.[3]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

I 2007 blei Støfring utnemnd til riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske Fortenesteordenen[4] og blei i 2011 forfremja til kommandør «for embetsfortjeneste».[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]