Nairobi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nairobi
NBO5.jpg
Styresmakter
Land
Provins
Kenya
Nairobi provins
Grunnlagd 1899
Geografi
Flatevidd
 - By

684 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

2 940 911
  4 230/km²
rundt 3 millionar
rundt 4 millionar
Koordinatar 1°17′″S 36°49′″EKoordinatar: 1°17′″S 36°49′″E
Høgd over havet 1 661 m
Tidssone EAT (UTC)
Diverse anna
Heimeside: www.nairobicity.org
Plassering
KE-Nairobi.png

Nairobi er hovudstad og største by i Kenya. Nairobi er òg administrativt senter i Nairobi provins og i distriktet Nairobi. Byen ligg ved Nairobielva, sør i landet i ei høgd på 1 661 meter over havet. Namnet kjem frå Maasai, Ewaso Nyirobi, og tyder «kaldt vatn».

Nairobi er den mest folkerike byen i Aust-Afrika og storbyområdet har mellom 3 og 4 millionar innbyggjarar. I følgje ei folketeljing i 1999 har det administrative området i Nairobi 2 143 254 innbyggjarar fordelt på 684 km².[1] I 2002 var Nairobi den 12. største byen i Afrika.

Byen er ein av dei viktigaste i Afrika både politisk og økonomisk. Han er eit senter for forretningar og kultur og mange selskap og organisasjonar held til der.

Nairobi vart grunnlagd i 1899, som ein etterforsyningsstasjon for den ugandiske jarnbanen mellom Mombasa og Uganda, og overtok rolla som hovudstad etter Mombasa i 1905. Han vart ombygd tidleg på 1900-talet etter eit pestutbrot og ein større bybrann. Nairobi vart hovudstad i Britisk Aust-Afrika i 1907 og kenyansk hovudstad etter sjølvstendet i 1963.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nairobi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]