Dar-es-Salaam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dar-es-Salaam
by
none
Land Flag of Tanzania.svg Tanzania
Region Dar-es-Salaam
Areal 1 590,5 km²
Folketal 2 497 940
Grunnlagd 1865

Dar-es-Salaam (frå arabisk دار السلام‎ Dār as-Salām) er den største byen i Tanzania og hovudstad i landet fram til 1996, då hovudstaden offisielt blei flytta til Dodoma. Byen hadde 2,3 millionar innbyggjarar i 2002.

Dar-es-Salaam ligg ved kysten av Det indiske havet, i regionen Pwani. Han er den viktigaste hamna i Tanzania, og er også viktig for nabolanda Zambia og Kongo. Ein tredel av industriverksemda i Tanzania blir driven her. Dar-es-Salaam har mellom anna tekstilindustri, skoindustri, sementindustri, tobakkindustri, bryggjeri og oljeraffineri.

Marknad i Dar-es-Salaam.
Fartøy ved hamna i Dar-es-Salaam tidleg på 1900-talet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen blei grunnlagd på 1860-talet av sultanen av Zanzibar ved ei naturleg hamn like ved fiskarlandsbyen Mzizima ('sunn by'). I 1865 eller 1866 byrja sultan Majid bin Said av Zanzibar bygginga av ein ny by han kalla Dar-es-Salaam. Namnet blir vanlegvis omsett med 'heimen til freden' eller 'hamna til freden', basert anten på det persiske/arabiske ordet bandar ('hamn') eller arabiske dar ('hus') og arabisk es salaam ('av fred'). Byen forfall etter at Majid døydde i 1870, men blei gjenoppliva i 1887, då det tyske austafrikakompaniet skipa ein stasjon der. Byen voks mykje som administrativt og økonomisk senter i Tysk Austafrika, og industrien voks på grunn av jernbanelinja som blei bygd tidleg på 1900-talet.

Tysk Austafrika blei inntatt av Storbritannia under første verdskrigen, og fekk namnet Tanganyika. Dar-es-Salaam blei verande hovudstad i det nye territoriet. Under britisk indirekte styre blei det grunnlagt separate område for europearar (til dømes Oyster Bay) og afrikanarar (til dømes Kariakoo og Ilala) i utkanten av byen. Blant innbyggjarane i byen fanst også mange av sørasiatisk opphav. Etter andre verdskrigen hadde Dar-es-Salaam ein periode med rask vekst.

Sentralbanken i Tanzania har hovudkontor i Dar-es-Salaam.

Politisk utvikling, inkludert danninga og veksten av Tanganyika African National Union, førte til at Tanganyika blei uavhengig i desember 1961. Dar-es-Salaam fortsette som hovudstad, også etter at Tanganyika og Zanzibar slo seg saman og danna Tanzania i 1964. I 1973 blei det likevel gjort vedtak om å flytta hovudstaden til Dodoma, som ligg meir sentralt i landet. Dar-es-Salaam er likevel framleis den viktigaste byen i Tanzania.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet i Dar-es-Salaaam er varmt og fuktig, med ein gjennomsnittleg dagtemperatur på 30° C. Dei varmaste månadane er november til februar/mars. I perioden juni til oktober er det noko kjøligare når den sørvestlege monsunen tek med seg kaldare og tørrare vêr. Den lange regntida er frå midten av mars til midten av mai og i den er det kraftige regnskyll, ofte med tore, men regnet varar vanligvis ikkje heile dagen. Den korte regntida er vanlegvis frå andre halvdelen av oktober til midten av desember.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Julius Nyerere internasjonale lufthamn er flyplassen i Dar-es-Salaam, og er den største i Tanzania. Ho er kalla opp etter den første presidenten i landet.

Sentralbanen er ei jernbanelinje som går frå Dar-es-Salaam via Dodoma til Kigoma ved breidda av Tanganyikasjøen. TAZARA-jernbanen bind Dar-es-Salaam saman med Kapiri Mposhi i Zambia.

Det meste av offentleg transport innan byen går med minibussar kalla dalla dalla. Elles er autorickshawer, kalla bajaj (etter firmaet som produserer dei) eit vanleg framkomstmiddel.

Panorama over Dar-es-Salaam som viser sentrum, Kariakoo og slumområde.Foto: Muhammad Mahdi Karim
Panorama over Dar-es-Salaam som viser sentrum, Kariakoo og slumområde.
Foto: Muhammad Mahdi Karim

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dar-es-Salaam

Kjelder[endre | endre wikiteksten]