Ingjald Illråde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ingjald Illråde var ein konge av Ynglingeætta, og den siste kongen av den ætta som rådde for Sveaveldet. Soga om han finst i Ynglingesoga.

Ingjald var son av Braut-Ånund, og tok riket etter far sin.Han fekk namnet sitt av di han var hardhjarta og førde ille råd. Styret hans var så hjartelaust at ætta hans vart driven frå Sveaveldet.

Då Ingjald var liten, tapte han i ei tevling mot ein ven, og fosterfar hans, Svipdag Blinde, gav han hjartet av ein ulv å eta. Etter dette vart han hardare og meir hjartelaus enn andre menn, fortel Snorre Sturlason. Han vart gift med Gauthild, dotter av kong Algaute (i Gautland). Ho vart mor til Olav Tretelgja og Åsa Illråde. Åsa var vel så hardhuga som faren, og mot slutten av livet slog dei seg saman og fekk born, er det sagt.

Snorre fortel at Sveariket på denne tida var delt opp i mange herad med ulike heradskongar. Ingjald svor på å samle riket att, og brann seks andre kongar inne i ei gildehall. Berre ein konge kom frå det med livet, og svor hemn på Ingjald. Kong Granmar, og mågen hans, Hjørvard, gjekk til fleire slag mot Ingjald, og med tida laut Ingjald gje seg. Granmar fekk hjelp av Ivar Vidfadme, som sidan rådde for sveaveldet. Ingjald og Åsa, dotter hans, brann seg sjølve inne i ei gildehall då dei såg at all von var ute.

Sonen Olav Tretelgja laut sidan rømme frå Svealand.

I Den eldste Noregshistoria[endre | endre wikiteksten]

Den eldste Noregshistoria fortel berre om Ingjald at han var så redd Ivar Vidfadme at han valde å brenne seg sjølv inne med hirda si. Namnet Illråde finst berre hjå Snorre og Are Frode.