Ipswich Town

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ipswich Town
[[Fil:2002-07-16 Portman Road.jpg|235px| ]]
Fullt namn Ipswich Town
Kallenamn The Tractor Boys (Traktorgutane)
Grunnlagd Ukjend
Heimebane Portman Road,
Ipswich
(Kapasitet: 30 311)
Styreleiar David Sheepshanks
Hovudtrenar Roy Keane
Liga Football League Championship
2010/11 13. plass
Nettstad itfc.co.uk
Heimedrakt
Bortedrakt

Ipswich Town Football Club er ein engelsk profesjonell fotballklubb frå Ipswich i Suffolk. Klubben skal i 2009/10-sesongen spela i Football League Championship, det 2. nivået i engelsk fotball, der dei har spelt sidan dei rykte ned frå Premier League i 2002. Klubben blei stifta i 1878 og blei vald inn i The Football League i 1938. Kallenamnet til klubben er "The Tractor Boys" - (Traktorgutane), og dei spelar heimekampane sine på Portman Road i Ipswich, som ligg om lag 13 mil nordaust for London. Eit av dei klassiske lokaloppgjera i engelsk fotball er kampane mellom Ipswich Town og klubben frå nabobyen, Norwich City.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Klubben vart stifta som amatørklubb i 1878, under namnet Ipswich AFC. I 1888 slo dei seg saman med Ipswich Rugby Club og skifta namn til Ipswich Town. I 1936 vart klubben profesjonell og spelte i to sesongar i Southern League. I 1938 vart Ipswich vald inn i Fotballigaen, i 3. divisjon sør. Dei nådde 2. divisjon for første gong i 1954, og rykte for første gong opp i 1. divisjon i 1961. I den første sesongen i 1. divisjon, 1961/62, vart dei sensasjonelt seriemeistrar. Managageren frå 1955 til 1963, Alf Ramsey, slutta for å bli landslagstrenar for England. Etter to sesongar til i 1. divisjon rykte Ipswich ned att i 1964, men kom tilbake til 1. divisjon i 1968. Denne gongen klarde klubben å stabilisera seg på eit høgt nivå, og vart verande i 1. divisjon til 1986.

Glansdagane[endre | endre wikiteksten]

Glansdagane til klubben kom i Bobby Robson si tid som manager, frå 1969 til 1982. Dei vart FA-cupmeistrar i 1978 og kom på 2. plass i serien i 1980/81 og 1981/82. Frå 1973/74-sesongen til 1982/83-sesongen kvalifiserte klubben seg til Europacup-spel kvar sesong utanom éin. Dei vann UEFA-cupen i 1981. Andre merkbare resultat frå Europacup-spel kom i 1973/74-sesongen då dei slo ut både Real Madrid og Lazio frå UEFA-cupen, og i 1979/80-sesongen då dei slo ut Skeid frå Oslo i 1. runde av UEFA-cupen. Etter at Robson forlet klubben for å ta over som landslagstrenar for England, vart klubben sine resultat raskt dårlegare, og i 1986 rykte dei ned i 2. divisjon.

Nyare tid[endre | endre wikiteksten]

Ipswich Town rykte opp att til øvste nivå i 1992, i tide til å vera med i dei tre første sesongane av den nye Premier League, utan imponerande resultat, før dei rykte ned att på 2. nivå i 1995. Manageren George Burley fekk halda fram i jobben trass i nedrykket, og leia laget tilbake i Premier League i 2000, for siste gong så langt. Klubben klarde ein imponerande 5. plass i 2000/01-sesongen, men allereie neste sesong rykte dei ned att, og har spelt på 2. nivå (Division One/Football League Championship) sidan då. Den same sesongen som dei rykte ned frå Premier League kvalifiserte dei seg til Europacup-spel gjennom ein "Fair play"-plass, og spelte dermed i UEFA-cupen samstundes som dei spelte i nest høgaste divisjon heime, i 2002/03-sesongen. Manageren Burley vart erstatta av Joe Royle hausten 2002. Ipswich spelte playoff for opprykk til Premier League både i 2004 og 2005, men utan hell. Sommaren 2006 vart Royle erstatta som manager av spelaren Jim Magilton, som etter tre sesongar utan å ha fått klubben tilbake i Premier League mista jobben i april 2009. Den nye manageren vart Roy Keane.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

TROFE TAL ÅR
Ligameister 1 1961/62
FA-Cupen 1 1978
UEFA-cupen 1 1980/81
Texaco Cup 1 1973
FA Youth-cup 3 1973, 1975 og 2005
  • Nr. 2 i 1. divisjon: 1980/81 og 1981/82.
  • Vinnar av 2. divisjon: 1960/61, 1967/68 og 1991/92.
  • Vinnar av playoff-finale i 1. divisjon (gamle 2. divisjon): 1999/00.
  • Vinnar av 3. divisjon (sør): 1953/54 og 1956/57.
  • Beste resultat i FA Premier League: Nr. 5 i 2000/01.
  • Beste resultat i Ligacupen: Semifinale i 1982 og 1985.
  • Deltaking i serievinnarcupen (forløpar til Meisterligaen): 1962/63.
  • Deltaking i UEFA-cupen: 1973/74, 1974/75, 1975/76, 1977/78, 1979/80, 1981/82, 1982/83, 2001/02 og 2002/03.

Spelarstall 2010/11-sesongen[endre | endre wikiteksten]

(Per 1. september 2010)
Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1 Det irske flagget MV Brian Murphy
2 Flagget til Canada M Jaime Peters
3 Det irske flagget F Shane O'Connor
4 Flagget til Nord-Irland F Gareth McAuley
5 Det irske flagget F Damien Delaney
6 Flagget til England M Grant Leadbitter
7 Flagget til Trinidad og Tobago M Carlos Edwards
8 Flagget til England M David Norris (kaptein)
9 Flagget til England A Connor Wickham
10 Flagget til Trinidad og Tobago A Jason Scotland
12 Flagget til England MV Arran Lee-Barrett
13 Det irske flagget MV Ian McLoughlin
15 Det irske flagget M Alan Quinn
16 Flagget til Ungarn A Tamás Priskin
17 Flagget til England M Andros Townsend (pån lån frå Tottenham Hotspur)
19 Flagget til England M Luke Hyam
20 Flagget til New Zealand F Tommy Smith
Nr. Posisjon Spelar
21 Flagget til Ungarn MV Márton Fülöp
22 Flagget til Wales F Troy Brown
23 Flagget til England F Tom Eastman
24 Det irske flagget M Colin Healy
25 Flagget til England M Billy Clark
26 Flagget til Argentina M Luciano Civelli
27 Flagget til Bermuda M Reggie Lambe
28 Det irske flagget A Ronan Murray
29 Flagget til England F Jack Ainsley
30 Flagget til England F Seb Dunbar
31 Det irske flagget M David Cawley
32 Flagget til England M Jamie Griffiths
34 Det irske flagget M Conor Hourihane
39 Det irske flagget F Mark Kennedy
42 Flagget til Nord-Irland M Josh Carson
48 Det irske flagget F Darren O'Dea (på lån frå Celtic)

Engelske landslagsspelarar[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1878 har Ipswich hatt 12 engelske landslagsspelarar. Dei har spelt 156 kampar, og skåra 22 mål for England i desse kampane. I 145 av kampane har spelaren frå Ipswich vore med frå start, og åtte gonger har det engelske landslaget hatt ein kaptein som representerte Ipswich på klubbnivå.

Nr. Landslagsspelar Namn Kampar Frå start Innbytar Kaptein Mål Tidsrom
1 Nr. 801 Raymond Crawford 2 2 0 0 1 22/11·1961 - 04/04·1962
2 Nr. 882 Mick Mills 42 40 2 8 0 11/10·1972 - 05/07·1982
3 Nr. 905 Kevin Beattie 9 7 2 0 1 16/04·1975 - 12/10·1977
4 Nr. 907 Colin Viljoen 2 2 0 0 0 17/05·1975 - 21/05·1975
5 Nr. 908 David Edward Johnson 3 3 0 0 3 21/05·1975 - 03/09·1975
6 Nr. 928 Paul Mariner 33 28 5 0 14 30/03·1977 - 16/11·1983
7 Nr. 929 Brian Talbot 5 4 1 0 0 28/05·1977 - 15/06·1977
8 Nr. 931 Trevor Wymark 1 0 1 0 0 12/10·1977 - 12/10·1977
9 Nr. 944 Russell Osman 11 11 0 0 0 31/05·1980 - 21/09·1983
10 Nr. 945 Terry Butcher 45 45 0 0 3 31/05·1980 - 22/06·1986
11 Nr. 949 Eric Gates 2 2 0 0 0 10/09·1980 - 15/10·1980
12 Nr. 1101 Richard Wright 1 1 0 0 0 03/06·2000 - 03/06·2000

Managerar[endre | endre wikiteksten]

Manager Periode Kampar Vunne Uavgjort Tapt
Flag of England.svg England Mick O'Brien 01/08·1936 - 01/11·1937 2 1 0 1
Flag of Scotland.svg Skottland Scott Duncan 01/11·1937 - 01/08·1955 477 191 107 179
Flag of England.svg England Alf Ramsey 01/08·1955 - 01/04·1963 363 172 74 117
Flag of England.svg England Jackie Milburn 01/04·1963 - 30/09·1964 67 16 15 36
Flag of England.svg England Bill McGarry 01/10·1964 - 01/11·1968 181 76 58 47
Flag of England.svg England Bobby Robson 01/01·1969 - 07/07·1982 617 267 153 197
Flag of England.svg England Bobby Ferguson 08/07·1982 - 20/05·1987 240 86 61 93
Flag of Scotland.svg Skottland John Duncan 16/06·1987 - 08/05·1990 150 65 29 56
Flag of England.svg England John Lyall 10/05·1990 - 05/12·1994 124 47 45 32
Flag of Scotland.svg Skottland George Burley 28/12·1994 - 11/10·2002 409 185 97 127
Flag of England.svg England Joe Royle 28/10·2002 - 11/05·2006 189 81 48 60
Ulster banner.svg Nord-Irland Jim Magilton 05/06·2006 - 22/04·2009 143 55 39 49
Flag of Ireland.svg Irland Roy Keane 23/04·2009 - ' ' ' '

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Rollin, Jack (1998): ROTHMANS BOOK OF FOOTBALL RECORDS.
    Headline Book Publishing, London. ISBN 0-7472-1954-0
  • Rollin, Glenda & Rollin, Jack (2006): SKYSPORTS FOOTBALL YEARBOOK 2006-07.
    Headline Book Publishing, London. ISBN 0-7553-1526-X

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Fotball | Football League Championship | 2010/11-sesongen

Barnsley | Bristol City | Burnley | Cardiff City | Coventry City | Crystal Palace | Derby County | Doncaster Rovers | Hull City | Ipswich Town | Leeds United | Leicester City | Middlesbrough | Millwall | Norwich City | Nottingham Forest | Portsmouth | Preston North End | Queens Park Rangers | Reading | Scunthorpe United | Sheffield United | Swansea City | Watford |