Ipswich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ipswich
Borough of Ipswich

Common Quay, Ipswich Docks
Common Quay, Ipswich Docks
Plassering
Ipswich is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Suffolk
Distrikt Ipswich
Geografi
Flatevidd
 - By

39,42 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

146 110
  3 706,5 /km²
Koordinatar 52°3′34″N 1°9′20″EKoordinatar: 52°3′34″N 1°9′20″E
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.ipswich.gov.uk
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ipswich

Ipswich er administrasjonsbyen og eit administrativ distrikt i Suffolk i England. Han ligg ved ein fjord som blir danna av elva Orwell. Byen har kring 145 000 innbyggjarar (2007). Han er ein særs gammal marknadsby med minner frå mellom anna romartida og saksisk tid. Han blømde i mellomalderen som eksportby for stoff frå East Anglia og blømde ytterlegare under den industrielle revolusjon, då byen fekk jern- og metallindustri. No vert næringslivet prega av allsidig mekanisk industri, bryggeri, møller og anna, som næringsmiddelindustri og kjemisk industri. Over hamna vert det eksportert mellom anna malt og gjødningsstoff.

Byen har eit kunstmuseum og mange gamle bygningar, som ein kostskule frå 1400. Blant fleire gamle vertshus er Great White Horse, kjent frå Charles Dickens-romanen Pickwick Papers.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det har vore busetjingar på staden sidan steinalderen, og ein finn kontinuerlege spor etter menneske òg gjennom jernalderen, romersk tid og angelsaksisk tid. Han fekk forløparen til dagens namn, Gippeswick, i sistnemnde perioden.

I angelsaksisk tid byrja busetjinga, som til då hadde vore liten og spreidd, å vekse på grunn av den praktiske hamna. Det blir at hevda Gippeswick var den første angelsaksiske byen, og kongedømet East Anglia var ein periode sentrert omkring byen.

Byen fekk det første chartret sitt av kong Johan i 1200. Han voks og vart velståande gjennom tekstilhandel med kontinentet. I 1380 skreiv Geoffrey Chaucer satiriske merknader om kjøpmennene i Ipswich i Canterbury-forteljingane.

I mellomalderen vart ein heilagdom vigd til Jomfru Maria eit viktig pilegrimsmål. Statuen av Maria vart fjerna ved reformasjonen, og skulle brennast. Det blir enno hevda at han vart smugla ut av landet og er verna i Nettuno i Italia.

Kardinal Thomas Wolsey vart fødd i Ispswich kring 1475. Han var son av ein rik jordeigar, og vart ein av Henrik VIIIs næraste politiske allierte. I 1528 grunnla han eit kollegium i fødebyen sin, som no heiter Ipswich School.

I 1555 vart ei gruppe protestantar, Ipswichmartyrene, brend som kjettarar.

Frå 1611 til 1634 var byen eit sentrum for emigrasjon til New England. Det var særleg Samual Ward som organiserte dette, og sonen hans Nathaniel Ward vart den første presten i Ipswich i Massachusetts.

Lord Nelson og kona hans flytta til Ipswich i 1797, og i 1800 vart han High Steward of Ipswich.

Dagens Ipswich[endre | endre wikiteksten]

Ipswich er enno ein travel hamneby, med mange millionar tonn last i året. Han hadde tidlegare ein kortbaneflyplass med grasdekke, med regelmessige flygingar til Nederland, men denne vart nedlagt og er no omregulert til bustadområde.

Tolly Cobbold Brewery, bygd på 1800-talet og ombygd 18941896 er eit av dei best verna viktorianske bryggeria i Storbritannia. Bygningen avløyste bryggeriet sitt opphavlege, frå 1746.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Ipswich Museum har kopiar av Mildenhallskatten og Sutton Hoo-funne, og dessutan saksiske våpen og smykke som er funne i området.

Målarane John Constable og Thomas Gainsborough levde og virkte i Ipswich. Charles Dickens vitja byen i 1835, og la handlinga i The Pickwick Papers dit. Hotellet han budde på, som dengong heitte The Tavern og no Great White Horse Hotel, vart opna allereie i 1518. Dickens skildrar interiøret nøye i boka, og det er enno mogleg å kjenne seg igjen.

Ipswich Town FC er ein av dei mest framgangsrike fotballklubbane i East Anglia. Hovudrivalen er Norwich.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ipswich