Ireland's Eye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Seglbåtar sett frå Ireland's Eye med Howth Head i bakgrunnen.

Ireland's Eye (Inis Mac Neasáinirsk) er ei lita øy utanfor kysten av County DublinIrland. Øya er ikkje busett og ligg rett nord for Howth Head.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ruinane av eit Martellotårn og ei kyrkje frå 700-talet er dei einaste teikna på tidlegare busetjing. Kyrkja var lenge soknekyrkje for Howth før ho vart erstatta av ei kyrkja i Howth på fastlandet.

I keltisk tid vart øya kalla «Eria's øy». Eria var eit kvinnenamn og dette har vorte forveksla med Erin, det irske namnet for Irland. Vikingane ersatta ordet for øy med Ey, den gamalnorske varianten, og øya vart då «Erin's Ey» og etter kvart Ireland's Eye.

Martellotårn på Ireland's Eye

I september 1852 vart Sarah Maria Louisa Kirwan drepen på øya og ektemannen William Burke Kirwan vart dømt for drapet.[1]

Geografi og fauna[endre | endre wikiteksten]

Ireland's Eye består av hovudøya, ei rekkje skjer og ei lita øy kalla Thulla. Den flottaste staden på øya er eit stort frittståande berg kalla «the Stack», «skorsteinen», nordaust på øya. Her finn ein mange forskjellige sjøfuglar, som lomvi, alke, havhest og måse. Irland sin femte havsulekoloni vart oppretta ved The Stack i 1980-åra, og det er i dag eit par hundre hekkande fuglepar her. Det er òg ein stor koloni med skarv på øya og eit par hekkande lundefuglar. I sjøen utanfor finn ein gråsel.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]