Havsule
| Havsule | ||
|
Status i verda:
|
||
| Systematikk | ||
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Suliformes | |
| Familie: | Sulidae | |
| Slekt: | Morus | |
| Art: | M. bassanus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Morus bassanus, [Sula bassana] Linné, 1758
|
||
Havsule (Morus bassanus, før Sula bassana) er ein stor sjøfugl i sulefamilien.
Havsula har torpedoforma kropp, lange smale vengjer og eit dolkeaktig nebb som er godt til å fanga fisk med. Den vaksne havsula kan bli opptil 87–100 cm lang og vega 2,5–3 kg. Vengjespennet er 165–180 cm.
[endre] Skildring
Fuglane er kvite med svarte fjører ytst på vengjene. Under hekkinga får hovudet og nakken gulaktige fjører. Unge fuglar er svarte dei første åra, men blir gradvis kvitare til dei får vaksen farge etter fem år.
[endre] Levevis
Havsula held til i Nord-Atlanteren og Middelhavet. Ho lever av fisk som ho speidar etter frå høgder opptil 45 meter over havet. Når ho jaktar kan ho stupa ned mot fisken i opptil 100 km/t.
Havsula er ein god symjar, den einaste fuglen som har symjehud mellom alle dei fire tærne.
Havsuler hekkar i tette koloniar i bratte klipper og skrentar. Dei hekkar første gongen når dei er mellom tre og fem år gamle.
Fuglemora legg eitt kvitt, blåleg egg dekka av eit kalklag som delvis flassar av. Begge foreldra rugar. Ungfuglane dreg frå reiret når dei er omtrent tre månader gamle.