Ishaug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skisse av den antarktiske kysen med glasiologiske og oseanografiske prosessar, som syner ishaugar i isbremmane.

Ein ishaug er eit tydeleg høgdedrag i ein elles heilt flat isbrem, typisk kuppelforma med ei høgd på 100 til 200 meter over isbremmen omkring. Ein ishaug oppstår der isbremmen tek ned i ein grunnare del av havbotnen. Om grunna stikk opp over havnivå vert det derimot definert som ei øy. Isbremmen flyt over grunna og dekkjer denne heilt med is, og dannar slik ein ishaug. Spenninga i isen fører til at det oppstår bresprekker kring ishaugen.

Ei øy som ligg innanfor og er heilt dekt av ein isbrem kan òg sjå nøyaktig ut som ein ishaug. Det må utførlege målingar til for å skilje desse to geografiske landformene.

Sjølv ishaugar typisk ligg inne i eit isbremområde, kan dei delvis vende ut mot det opne havet. Ishaugane finst berre i isbremmane i Antarktis, hovudsakleg Ronneisen. Dei største ishaugane er opp mot 200 km lange og 50 km breie og dekkjer 10 000 km². Somme ishaugar vert feilaktig kaklar øyar, men det finst òg nokre isdekte øyar i isbremmane som vert kalla ishaugar.

Ishaugar, gruppert etter isbremmar, med klokka frå Aust-Antarktis og rundt:

Henry og Korff ishaug er dei største ishaugane med areal på kring 1 500 til 1 600 km².

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]